Når du skal inn og føde, skal de nytte ambulanseinngangen i Glasblokkene for å parkere. Innkjøring er frå Haukelandsbakken. Ta første veg til høgre, følg skiltet til Sentralblokka. Når du er på toppen av bakken skal du ta til venstre. Kjør ned ambulanseinngangen. Her er det også merka med skiltet "Kvinner i fødsel".
Video som viser hvordan man skal kjøre for å komme til den nye fødeavdelingen
Ambulanseinngangen skal kun nyttas som avstigingsplass. Den fødande kan slippast av ved inngangen til mottaket, før bilføraren må køyre vidare inn på parkeringsdekket.
På parkeringsdekket er det reservert 6 plassar for fødande. Det er omlag 45 parkeringsplasser totalt i parkeringsdekket i U1, andre enn dei reseverte kan også nyttast dersom det er ledig.
Du skal gå inn inngangen til underetasjen (U1) i blokk 5. Du har fått beskjed om kva fødeavdeling / etasje du skal til. Når du kjem til døra må du nytte porttelefonen. Ring på den fødeavdelinga der du skal møte. Døra vil bli opna for deg.
Heisen til fødeavdelingane i blokk 5 er godt merka, og ligg rett innanfor inngangsdøra på venste side.
Kjem du med drosje skal ambulanseinngangen også nyttast.