Robbie Vest har fått ny jobb – hos Mage-tarmskulen
Roboten «Robbie Vest» har lenge vore ein effektiv hjelper i Helse Vest. No har han fått eit nytt oppdrag ved Mage-tarmskulen på Haukeland universitetssjukehus – der han tek hand om rutineoppgåver i DIPS og frigjer verdifull tid for både helsepersonell og pasientar.

For tilsette i Helse Vest er «Robbie Vest» eit kjent namn. Den digitale medarbeidaren har i fleire år løyst administrative oppgåver for helseføretaka i regionen – alt frå kreftmeldingar til pasientbrev.
No får han ein ny rolle: å støtte den kliniske drifta i Mage-tarmskulen ved Haukeland universitetssjukehus.

– Dette handlar ikkje om å finne opp noko nytt, men om å bruke eksisterande teknologi på ein smartare måte, seier Birgitte Berentsen, forskar og seksjonsleiar ved Mage-tarmskulen, Seksjon for fordøyingssjukdomar, Medisinsk klinikk i Helse Bergen.
Tek seg av tastarbeidet
Mage-tarmskulen tilbyr digital behandling for pasientar med irritabel tarm (IBS).
Tidlegare brukte kliniske ernæringsfysiologar og helsesekretærar mykje tid på manuelle oppgåver i journalsystemet DIPS – som å opprette kontaktar, avslutte videogruppemøte og kode oppgjer.

No gjer Robbie Vest jobben automatisk.
– Roboten loggar seg inn som ein vanleg brukar og gjer dei same prosessane som vi tidlegare gjorde manuelt. Det frigjer tid vi no kan bruke på pasientane, seier Ingbjørg Bratland, klinisk ernæringsfysiolog ved Mage-tarmskulen.
38 prosent frigjorde sekretærressursar
Etter at roboten blei teken i bruk, er behovet for manuell registrering redusert tilsvarande 38 prosent av ei helsesekretærstilling.
Sekretærane brukar no meir tid på oppfølging og kvalitetssikring, medan dei kliniske ernæringsfysiologane får frigjort meir tid til pasientarbeid.
– Effekten er tydeleg. Oppgåvene går raskare, kvaliteten er betre, og vi har fått ein meir oversiktleg arbeidsflyt, seier Berentsen.
I løpet av éin månad behandla roboten 1099 pasientsaker, med ein gjennomsnittleg behandlingstid på 85 sekund per sak.
Det tilsvarar sju arbeidsdagar i månaden – eller nesten eit halvt årsverk spart.
Eit kjent verktøy – brukt på nye måtar
Robbie Vest er utvikla av Helse Vest IKT og har allereie meir enn hundre automatiserte prosessar i drift i regionen.
Roboten er ein del av Helse Vest sitt arbeid med robotisert prosessautomatisering (RPA), der målet er å fjerne tidkrevjande, manuelle rutinar frå helsepersonell.
– Det som er nytt her, er ikkje teknologien – men måten vi bruker han på. Mage-tarmskulen er eit godt døme på korleis eksisterande løysingar kan gi gevinst i klinisk arbeid, seier Berentsen.
I testperioden hadde roboten ein suksessrate på 87,5 prosent, og alle avvik blei automatisk sendt til manuell oppfølging.
– Når roboten ikkje får gjort dei oppgåvene han er instruert til, får vi ei detaljert rapport om kva som gjekk gale, slik at vi kan fullføre resten manuelt. Dette gir betre kontroll og høgare kvalitet enn før, seier Bratland.
Erfaringane blir delte vidare
Prosjektet ved Mage-tarmskulen er ein del av innovasjonsprogrammet SkaleringVest, finansiert av Helse Vest Innovasjonsmidlar.
Erfaringane blir no delte med andre klinikkar som vurderer å bruke Robbie Vest til liknande oppgåver.
– Vi ønskjer å vise kollegaer at dette faktisk fungerer. Roboten er allereie ein del av drifta vår – no handlar det om å gi han fleire fornuftige oppgåver, seier Berentsen.
– Kvar time vi sparer på administrasjon, gir meir tid til pasientane. Det er det som motiverer oss, legg Bratland til.