Tid og stad
- Når
-
- 02. juni 2026, 11:30 - 12:30
- Kvar
- Digitalt møte. Oppkobling via Join på Helsenorge. Lenke vil bli tilsendt.
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 25. mai 2026, 23:59
Påmelding via Forms
Målgruppa er primært klinikarar som følgjer opp og behandlar pasientar med akutte porfyrianfall/akutt porfyrisjukdom i spesialisthelsetenesta.
I tillegg er klinikarar som ynskjer å lære meir om akutte porfyrisykdommar, men som ikkje nødvendigvis følgjer opp denne pasientgruppa per i dag, velkomne til å delta.
Agenda:
- Kort introduksjon og presentasjon av formålet med nettverket
- Samtale om aktuelle tema for nettverksmøter (utgreiing, diagnostisering, behandling, oppfølging, deling av kasuistikkar m.m.)
- Møtefrekvens og møteform (digitalt/fysisk)
Napos vil fasilitere og organisere nettverket. Imidlertid er vi avhengige av aktiv deltaking frå klinikarar som følgjer opp denne pasientgruppa for at nettverket skal fungere optimalt.