Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Klinisk nevrofysiologi barn og unge

Ved KNF barn og unge gjer vi undersøkingar av hjernefunksjonen hos barn og unge i alderen 0-18 år. Undersøkingane blir brukt til utgreiing eller overvåking og diagnostisering av sjukdommar i hjerna og i nervesystemet. Dei vanlegaste undersøkingane vi gjer er EEG, som er forkorting for elektroencefalografi, og søvnregistrering.

Dersom du ønsker å avbestille eller endre ein time ved KNF, kan du logge deg inn på Helsenorge.no, eller ringe oss alle kvardagar. Dersom du treng å avbestille mindre enn to kvardagar før avtalt time må du kontakte oss per telefon. 

Polysomnografi (PSG) og Multippel søvnlatens test (MSLT) er tidkrevjande undersøkingar. Dersom du ikkje kan møte til avtalt time ber vi deg avbestille seinast 14 dagar før.

Dersom du ikkje kjem til timen du har fått og du ikkje har gitt beskjed seinast 24 timar i forvegen, må du betale eit gebyr etter gjeldande takstar. Har du time på ein mandag må du gi beskjed seinast fredagen før. 

Telefontid mellom kl. 08.00-15.00. Telefon: 55 97 51 20.

Helsenorge.no kan du

  • finne timeavtalane dine
  • sende ei melding til avdelinga dersom du treng å endre time eller gi andre opplysningar.

Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg har du innsyn i timane deira.

Treng du hjelp med å logga inn?

Hjelp og rettleiing

Elektronisk ID

 
 
 
 

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag kl. 0730 - 1530

Slik finn du fram

Oppmøtestad

For å komme til oss må du gå til Glasblokkene der vi held til i 1. etasje i Blokk 8.

Ved ankomst registrerer du deg i innsjekkingsautomaten i resepsjonen eller så kan du registrere deg på mobilen din. Så går du vidare til blokk 8 og til venterommet som heiter Ventesone C31. Her kan du vente til vi kjem og henter deg.

Dersom du parkerer i Sentralblokka kan du følge lyseblå gangsone fra parkeringsdekket ved utgang nord. Glasblokkene vil vere bygget du har foran deg. Følg den lyseblå gangsona for å komme til hovudinngangen. 

Frå parkering i Glasblokkene tek du heis til 1.etasje og går til resepsjonen ved hovudinngangen.

Bygning med store glassflater

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen