Parkering
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, om å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsaker må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Det er og mogeleg å parkere i parkeringsanlegget til Haraldsplass diakonale sykehus som ligg rett nord for Haukelandsområdet.
Parkering på Haukelandsområdet
Det største området der pasientar kan parkere er parkeringsdekket i Sentralblokka. I tillegg er det eit parkeringshus på sjukehusets hovudområde, like etter innkjøyringa til sjukehusområde ved Haukeland hotell (pasienthotellet), samt enkelte spreidde parkeringsplassar i sjukehusparken og i underetasjen til Haukeland hotell. Det er også parkering ved Kvinneklinikken/Augebygget.
Sjå kart med merka parkeringsplassar på Haukelandsområdet (PDF)
Haukeland universitetssjukehus nyttar det billettlause parkeringssystemet Sesam Sesam. Eit kamera registrerer køyretøyet når du køyrer inn og ut av parkeringsområdet, og du treng ikkje å løyse billett.
Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Sesam Sesam-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.
Du kan og betale med både kort og myntar i betalingsautomatane. Parkeringsanlegga er bemanna heile døgnet. Du må hugse registreringsnummeret på bilen din når du skal betale.
Les meir om betaling og Sesam Sesam på nettsidene deira
Ulovleg parkerte bilar får kontrollavgift og kan bli taua bort for eigar si rekning.
- Sentralblokka - høgde 3 meter
- Sentralblokka Plan A, B og C (under Laboratoriebygget) - høgde 2.2 meter
- P-hus hovudområde Plan U og 1 - høgde 2.1 meter
- P-hus hovudområde Plan 2 - fri høgde
- Parkering Haukeland hotell - høgde 2 meter
- Kl. 08-17: Kr 10,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 210,- per døgn
- Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt
- Laurdag og søndag på Haukelandområdet: kl. 08-21: Kr. 7,50 per påbegynte 30 minutt. Maks 105,- per dag.
- Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
- Pårørandekort Kr 350,- per veke eller for 7 inn- / utkøyringar
- Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar
For pasientar, pårørande og andre besøkande som skal parkere på Haukelandsområdet eller i Sandviken, er det fleire betalingsalternativ å velje mellom:
- Du kan laste ned Sesam Sesam-appen og registrere bilen din før du parkerer, då skjer betalinga automatisk.
- Du kan registrere bilen din på
nettsidene til Sesam Sesam og betale innan 48 timar etter avslutta parkering.
- Du kan betale for parkering i betalingsautomat. Du kan bruke både kort og myntar i automaten.
- Du kan parkere utan å registrere deg, da får du faktura i posten etterpå. Det er fakturagebyr pålydande 19 kr (januar 2022) for å få tilsendt faktura for parkering i posten.
Nokre grupper slepp å betale for parkeringa. Dette gjeld personar med forflyttingshemming, blodgivarar, dialysepasientar, pasientar som er fritatte frå eigendel på grunn av lang ventetid og frivillig besøksteneste.
For å få gratis parkering som forflyttingshemma, må du vise HC-kort og oppgi registreringsnummer på bil i resepsjonen i 0. etasje i Sentralblokka. Du vil da få lagt inn fritak for parkeringsavgift for eitt år. Fritaket må du hugse å fornye årleg. Ordninga gjeld parkering på Haukelandsområdet (Sentralblokka, sjukehusparken og KK/Augebygget) og i Sandviken (Psykiatrisk klinikk). Du kan ta kontakt om dette i resepsjonen i Sentralblokka frå måndag 11. mai.
Det er eigne parkeringsplassar for forflyttingshemma i alle parkeringsanlegga, sjå oversikt i Parkeringsregisteret hos Statens vegvesen.
Parkering for korttidspasientar hos dialysen
Pasientar hos Medisinsk post 2 – dialysen har tidlegare fått betalingsfritak ved å stemple parkeringsbilletten sin. Denne praksisen blei endra 11. mai 2020. For deg som pasient blir parkeringa mykje enklare. Du køyrer som vanleg inn i parkeringshuset, men no utan å trekkje parkeringsbillett.
Hugs å notere deg bilnummeret ditt. Dette må du hugse når du møter opp på avdelinga. Ta kontakt med postsekretær på avdelinga når du møter opp, og opplys kva for bilnummer du har. Parkeringa di blir da oppdatert, slik at du ikkje blir belasta for parkeringsavgift.
Pasientar på Dialyseavdelinga har fri parkering i 8 timar.
Etter avslutta behandling treng du ikkje gjere anna enn å køyre ut av parkeringshuset. Du må ikkje vise billett, eller betale.
Parkering for langtidspasientar hos dialysen
Langtidspasientar hos Medisinsk post 2 – dialysen har tidlegare fått tildelt eit eige parkeringskort som har blitt brukt ved inn- og utkøyring til parkeringshuset. Denne praksisen blei endra 11. mai 2020.
Registrering
Du må no ta kontakt med postsekretær ved avdelinga og oppgi bilnummeret ditt, som blir lagra i ein database. Registreringa av bilnummer må berre gjerast éin gong. Etter dette kan du køyre fritt inn og ut av parkeringshuset utan å bli belasta for det.
Kva om eg nyttar fleire bilar?
Dersom du nyttar deg av ein annan bil enn den du har registrert, så må du notere deg dette bilnummeret og oppgi det til postsekretæren når du møter opp til timen din. Du vil da få fri parkering i åtte timar for dette bilnummeret.
Pasientar som skal til sjukehuset for ei rekke planlagde, kortare kontaktar (undersøking, dagbehandling, poliklinikk etc.) får tilbod om parkering til redusert pris i behandlingsperioden. Føresetnaden er at ein antek at pasienten må møte minst 7 gongar på sjukehuset for å få gjennomført eit undersøkings- eller behandlingsopplegg. Prisen er kr 350,- for 7 gongar / kr 700,- for 14 gongar. Prisen er uavhengig av lengda på behandlingsperioden.
Som for langtidspasientar er det eit krav at avdelinga/eininga der pasienten blir behandla, daterer og underteiknar skjemaet. Pasienten leverer ferdig utfylt skjema til resepsjonen i Sentralblokka for registrering.
Attestasjon for pasienter med seriekonsultasjoner som har rett til verdikort (PDF)
Dersom ein pasient er på sjukehuset i sju dagar eller meir, har pasienten / pårørande rett til parkering til redusert pris i 1 til 2 veker, for inntil 3 bilar. Prisen er 350 kroner per veke per bil. Det er avdelinga der pasienten er lagt inn, som må gi attestasjon om dette på eige skjema.
Parkering til redusert pris gjeld fram i tid, eller frå dagens påkomne parkering.
Blodgivarar har tidlegere fått betalingsfritak ved å få stempla parkeringsbilletten sin. Denne praksisen blei endra 11. mai 2020.
Du køyrer som vanleg inn i parkeringshuset, men no utan å trekkje parkeringsbillett.
- Hugs å notere deg bilnummeret ditt. Dette må du hugse når du møter opp til timen din.
- Registrer ditt eige parkeringsfritak i nettbrett ved resepsjonen. Parkeringa blir da oppdatert, slik at du ikkje blir belasta for parkeringsavgift.
Blodgivarar har fri parkering i 3 timar. Etter timen treng du ikkje foreta deg noko anna enn å køyre ut av parkeringshuset. Du må ikkje vise billett, eller betale.
Vidare informasjon om parkering som blodgivar finn du på blodbanken-bergen.no eller i Blodbanken-appen.
Parkeringsplassar for blodgivarar
Det er eigne parkeringsplassar for blodgivarar på parkeringsdekket i Sentralblokka. Desse plassane ligg på nordsida av parkeringsdekket og er skilta. I forbindelse med byggearbeid er det berre innkøyring til parkeringsdekket frå sør i 2020. Du kan parkere kor som helst du finn ein ledig plass, ikkje berre på dei reserverte plassane.
For el-bilar og hybridbilar finst det 19 ladeplassar for besøkande med behov for å lade i parkeringsområdet under Sentralblokka, her finst ei rekke plassar på vestsida før ein køyrer ut av parkeringa. I tillegg finst det 2 plassar ved Kvinneklinikken og 7 plassar i underetasjen i parkeringshuset i sjukehushagen, rett etter innkøyringa ved Haukeland hotell. Ved Psykiatrisk klinikk i Sandviken er det 4 ladeplassar for el-bilar og hybridbilar.
Lading på ladeplassane er gratis, men ein må betale vanleg parkeringsavgift. Ladeplassane er for dei som har behov for å lade, og har ladebokser med Schuko kontakt og ladehastighet på 10 amper.
Det er gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar. Det er MC-parkering etter innkøyring ved Sentralblokka i sør, vis-à-vis røykerom ved inngangen til Sentralblokka i aust.
På haukelandsområdet er det sykkelparkering for pasientar og pårørande / besøkande like ved inngang sør til Sentralblokka.

Sykkelparkering for pasientar, pårørande og besøkande finn du ved inngang sør til Sentralblokka.
Haukeland har også eit samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sykehus når det gjeld parkering. Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall, i retning Haukeland. Det er om lag ti minutts gange frå parkeringshuset til Sentralblokka på Haukeland. Har du god helse, kan du gjerne parkere i fjellhallen og sette av litt ekstra tid til å gå til sjukehuset.
Nokre pasientar kan få dekt bruk av bil til behandling av helsemessige årsaker eller om det ikkje eksisterer offentleg transporttilbod. Du får meir informasjon om refusjon av utgifter ved bruk av eigen bil på nettsida til Pasientreiser, eller ved å ringe 915 05 515.
Har du fått kontrollsanksjon og er ueinig i denne, kan du klage her:
Klageweb for kontrollsanksjon