Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

ALS-klinikken

ALS klinikken blei oppretta på Haukeland Universitetssjukehus i 1990 for å gje deg som ALS pasient og dine pårørande eit behandlingstilbod som er individuelt tilpassa og med tett oppfølging av eit tverrfagleg team.

Ved ALS-klinikken vil du møte erfarne legar som sørger for at du får presis utgreiing og diagnostikk ved mistenkt sjukdom. Legen kan bestille tilleggsundersøkingar ved behov og bidra med informasjon om forsking på sjukdomen, ulike behandlingsalternativ og utprøving av nye medikament. Sjukdomen utartar og utviklar seg ulikt og det er viktig å formidle moglegheitene for tilrettelegging og tilbod som kan vere til nytte.

Hos oss vil du difor få kontakt med eit tverrfagleg team som består av lege, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped og ernæringsfysiolog som hjelpe deg på ulike område.  

Ved innkalling til poliklinisk time til oss vil du få eit skjema der du kan krysse av dei fagpersonane du ønskjer å snakke med. Det er fint om du har tenkt gjennom kva du ønskjer å ta opp på den tverrfaglege timen før du kjem.

Ved poliklinikken har vi sjukepleiarar med spesialkompetanse på ALS. Sjukepleiarane kan gje deg informasjon og råd og formidle kontakt med andre fagpersonar etter ønske og behov. Dei er tilgjengelege for samtalar når du har time hos lege. 

 

Sosionomen kan hjelpe deg med sosiale, praktiske og økonomiske spørsmål gjennom samtale og rettleiing som gjeld mellom anna:

  • tilrettelegging av arbeidsforhold
  • sikring av trygderettar
  • informasjon om økonomisk støtte
  • hjelp og assistanse i dagleglivet
  • hjelp til å skrive søknadar
  • spørsmål og tankar om situasjonen

Fysioterapi er nødvendig for god bevegelegheit i ledd, ivaretaking av muskellengde og for å sørge for god kroppshaldning. Dette er viktig for å halde vedlike den fysiske funksjonen til kroppen, motverke smerte og sikre gode pusteforhold. 

Fysioterapeuten kan mellom anna gje deg råd og rettleiing i forhold til hjelpemiddel og sørge for at du får lungefysioterapi ved slimproblem. 

Ergoterapeuten kartlegg utfordringar i kvardagen både heime og på arbeidsplassen, og gir råd og rettleiing i korleis du kan mestre desse gjennom praktisk bustad-og arbeidstilpassingar med tekniske hjelpemiddel. Tekniske hjelpemiddel får ein gratis som varig lån frå Hjelpemiddelsentralen. 

Logopeden gir gode råd og øvingar ved tale og kommunikasjonsnedsettingar og ved svelgvanskar. I tillegg til muskeløvingar for å halde talefunksjonen best mogleg kan logopeden informere om kommunikasjonshjelpemiddel som passar til ulike individuelle behov.

Dersom du får problem med å få i deg nok mat og drikke kan ein ernæringsfysiologi vurdere ernæringssituasjonen din og gje deg praktiske råd for å sikre at du får i deg fullverdig ernæring. 

 

Nyttige lenker:

Foreningen for Muskelsyke

Stiftelsen ALS Norge | Vi har fått til forskning på ALS i Norge

Kontakt

Tlf:

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken held til i 2. etasje i Gamle hovudbygg. 

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.