Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Muskelklinikken

Muskelklinikken tilbyr utgreiing og oppfølging av pasientar med nevromuskulære sjukdomar også kalla muskelsjukdomar. Tilbodet blei etablert i 1998 og er ein del av behandlingstilbodet til Nevropoliklinikken.

 

Utgreiing av muskelsjukdomar

Arbeidet med å diagnostisere desse sjukdomane blir utført av to legar gjennom klinisk vurdering og gjennom diverse undersøkingar. I tillegg blir det ofte utført prøvetaking av muskelen.

Dersom det er spørsmål om arvelege muskelsjukdomar vil prøver bli sendt til norske og utanlandske laboratorium for genetisk testing. Legane sørger for at diagnosen blir så presis som mogleg og tilviser deg til andre spesialistar som lungelege og hjartelege. Legane har også god kompetanse om muskelsjukdomar og har kunnskap om ny forskning. Samtidig med utgreiinga blir pasientar med behov for det tatt vare på av eit tverrfagleg team.

Tverrfagleg team i muskelklinikken

Tverrfagleg vurdering er ein viktig del av behandlingstilbodet. Vanlegvis har pasientane fått ein diagnose når dei kjem til tverrfagleg vurdering, men nokon har behov for tverrfagleg hjelp før utgreiinga er ferdig eller fordi det er vanskeleg å fastsette ein diagnose.

Det tverrfaglege teamet fungerer som ei bru mellom spesialist- og primærhelsetenesta med formidling av praktisk hjelp som den viktigaste oppgåva. Teamet består av sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og sosionom og i tillegg blir faggrupper som ernæringsfysiolog og logoped involvert ved behov. 

Sjukepleiaren har ansvar for å kalle inn pasientar til tverrfagleg vurdering og planlegge og koordinere den polikliniske timen.

Ved spørsmål om timeavtalen eller andre spørsmål om sjukdomen din kan du nå sjukepleiaren på telefon: 55 97 51 20.

Fysioterapeuten vurderer den fysiske funksjonen med mål om å bevare muskelkraft så lenge som mogleg. I tillegg er det viktig å bevare leddrørsle, muskellengde og god kroppshaldning. Dette vil igjen bidrar til å bevare fysisk funksjon, forflyttingsevne, motverke smerter og sikre gode pusteforhold. 
 
Fysioterapeuten gir råd og rettleiing om hjelpemiddel, og hjelper til med å komme i kontakt med fysioterapeut på heimstaden.
 

Ergoterapeuten kan hjepe deg med å tilrettelegge aktivitetar i kvardagen heime, på skule eller arbeid, og i fritida. I tillegg gis informasjon, råd og rettleiing om bustad, hjelpemiddel og energiøkonomisering. 
 
Ergoterapeuten samarbeidar med ergoterapeut i kommuna.
 

Sosionomen hjelper deg med sosiale, praktiske og økonomiske spørsmål i kvardagen og bistår mellom anna ved behov for:
  • Tilrettelegging av abeidsforhold
  • Hjelp og assistanse i dagleglivet
  • Informasjon om trygderettigheiter
  • Søknadar om praktisk hjelp og økonomisk støtte i kommuna
  • Spørsmål og tankar om situasjonen

Kontakt

Telefon Sjukepleiar:

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken held til i 2. etasje i Gamle hovudbygg. Følg svart stripe i golvet til ekspedisjonen.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Praktisk informasjon

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient