Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Vurderingsteam i Rus- og avhengigheitsklinikken
Vurderingsteamet i Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å vurdere rett til behandling i Tverrfagleg Spesialisert Rusbehandling (TSB) i heile Helse Bergen sitt opptaksområde. Teamet gir også råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarer om tilvising og behandlingstilbod.
Vurderingsteam
55 97 01 00Vurderingsteamet kan gje råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar om tilvising og behandlingstilbod
Alvorlegheit, nytte og kostnad
Vurderingsteama skal vurdere om pasientane oppfyller dei tre vilkåra for "rett til nødvendig helsehjelp" frå spesialisthelsetenesta (sjukehus) i Pasient- og brukarrettigheitslova og i Prioriteringsforskrifta.
Det er utarbeidd ein prioriteringsrettleiar for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) som blir nytta i vurderingsarbeidet.
Dei tre vilkåra for "rett til nødvendig helsehjelp" er:
- pasienten har eit visst prognosetap med omsyn til levetid eller ikkje ubetydeleg nedsett livskvalitet dersom helsehjelpa vert utsett (alvorlegheitskriteriet)
- pasienten kan ha forventa nytte av helsehjelpa (nyttekriteriet)
- dei forventa kostnadene står i eit rimeleg forhald til tiltaket sin effekt (kostnadskriteriet)
Moglege resultat av rettigheitsvurderinga
Viktig med ei god tilvising
I utarbeiding av ei tilvisng til rus- og avhengigheitsbehandling tilrår me at de nyttar mal for tilvising.
Dersom tilvisinga ikkje inneheld nok informasjon for å kunne gjere ei god og riktig vurdering av pasientens situasjon og behov for behandling, vil dette medføre at vurderinga tek lengre tid.