Mal for tilvising til TSB

Ei god tilvising er viktig for å kunne gjere ei rask og god vurdering.For allmennlegane kan det vere viktig å merke seg at tilvisinga ofte blir meir utfyllande, dersom den blir skriven i samarbeid med sosialkontoret eller NAV. Eit lokalt samarbeid mellom NAV og fastlege vil også vere ein god start på førebuing av tiltak etter at pasienten har vore til behandling i spesialisthelsetenesta.

TSB omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling, ambulantbehandling og polikliniske tenestar. Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at den innehalder mest mogeleg komplett informasjon om deg (pasienten) og forhald rundt deg.

Tilvising til TSB kan komme frå

  • sosialtenesten/NAV
  • barneverntenesten
  • fastlege/allmennpraktiserande lege
  • privatpraktiserande legespesialist eller psykolog (spesialist)
  • lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • lege i fengselshelsetenesta
  • anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Tilvisinga skal innehalde følgande informasjon:

  • Personopplysningar (namn, adresse, fødselsnummer, telefonnummer)
  • Familieforhald / sosial status
  • Sysselsetting / trygdestatus / eventuelle økonomiske vanskar
  • Uteståande dommar / planlagt soning
  • Historikk for rusproblematikk, inkludert tidligare behandling og beskriving av situasjonen i dag
  • Historikk og vurdering av psykisk og somatisk helse
  • Medisinering
  • Mål for iverksatt eller planlagt habilitering / rehabilitering
  • Involverte instansar, inkludert beskriving av samarbeidsrelasjonar
  • Vurdering av rett til individuell plan
  • Samtykke til innhenting av relevante opplysningar
  • Relevante epikrisar
  • Forslag til type tiltak
  • Vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling

 

 

Eit minimum av informasjon er:

  • Kor tid byrja pasienten si ruskarriere?
  • Kor lenge har aktuell rusperiode gått føre seg?
  • Kva typar rusmiddel bruker pasienten og i kva mengd?
  • Har pasienten tidligare hatt opphald i rusinstitusjon? Når og kvar? Nytte av behandlinga?

 

  • Sosiale tilhøve
  • Positivt nettverk
     

Aktuelle kartleggingsskjema som kan leggast ved  tilvisinga er:

 

 

 

Postadresse

Haukeland Universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin
Postboks 1400
5021 Bergen

Elektronisk tilvising

Det er ønskjeleg at tilvisingar blir sendt elektronisk. Med elektronisk tilvising unngår me tida for vanleg postgang, og me reduserer samtidig risiko for å gjere feil

Nasjonal rettleiar for tilvisingar til spesialisthelsetenesta

Tilvisingsrettleiaren frå Helsedirektoratet er ei støtte for dei som skal tilvise til spesialisthelsetenesta og kan nyttast på alle fagområde. Rettleiaren bidreg til at nødvendig informasjon er oppgitt for å sikra pasienten eit best mogleg planlagt forløp.

 

 

Nasjonalveileder for henvisninger til spesialisthelsetjenesten
Ikon
Sist oppdatert 16.08.2022