Tilbod til våre tilsette
På Voss sjukehus er vi i underkant av 400 tilsette. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår.
For oss er det viktig å ta godt vare på dei vi har - og ønske godt i mot dei nye som kjem.
Voss sjukehus er akuttsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i indre Hordaland, men i praksis kjem halvparten av våre pasientar frå andre stadar i landet – flest frå Vestlandet sjølvsagt.

Som tilsett er du del av eit fagleg sterkt, oversiktleg og mangfaldig arbeidsmiljø som er ambisiøse på pasientane sine vegne. Å bu på vakre Voss er ekstra bonus!