Du blir kalla inn til sjukehuset dagen før operasjonen, eller tidleg samme dag. Det vert då tatt blodprøver og det vert samtale med sjukepleiar og lege. I nokre tilfeller kan det vere nødvendig med undersøkingar som for eksempel røntgenbilete av hjartet og lunger, eller ultralyd av hjartet. Ta med toalettsaker til sjukehuset, vanlegvis overnatter du ei natt på sjukehus etter operasjonen. Det kan vere lurt å legge smykker og verdisaker heime, då avdelinga ikkje har høve til å ta vare på dette medan pasienten er til operasjon.
På operasjonsdagen skal du faste frå midnatt, det vil seie ikkje spise, drikke, røyke eller snuse. Du vil få dusje med spesialsåpe (Hibiscrub) kvelden før og om morgonen og få ei rein seng. Du vil få ein venekanyle, eit tynt plastrør, inn i ei blodåre til å få antibiotika og eventuelt andre medisinar gjennom.
Ulike typar
Det vert nytta forskjellige typar hjartestartar, alt etter kva sjukdom pasienten har. Batteriboksen vert kobla til 1, 2 eller 3 ledningar. Mange pasientar treng berre 1 ledning til høgre hovudkammer, men nokre vil ha nytte av å også ha ledning til høgre forkammer.
Ein biventrikulær pacemaker, som også vert kalla hjartesviktpacemaker kan også kombinerast med ein hjartestartar og hjartestartaren vil då har 3 ledningar; 1 til høgre forkammer, 1 til høgre hovudkammer og 1 ledning som ligg i ei vene utanfor venstre hovudkammer.
Ein nyttar ofte den engelske forkortinga ICD (Implantable Cardioverter Defibrillator) for ein hjartetstartar.