Dagen du vert innlagd
Dagen du vert innlagd, vil du få munnleg informasjon av sjukepleiar/hjelpepleiar, lege og fysioterapeut.
Før operasjonen vil du få informasjon av kirurgen som skal operere deg, og eventuelt anestesilegen som skal gi deg narkosen.
Du har anledning til å ha med pårørande når du mottar informasjon.
Blant dei rutinemessige førebuingane før operasjonen er blodprøvar, det vert tatt røntgen av lungene dine, eventuelt målingar av lungekapasitet og registrering av hjarterytme (EKG).
Førebuing kvelden før operasjonen
- Hår i operasjonsområdet vert fjerna, frå ryggrad til brystbein.
- Du skal dusje og vaske håret før du legg deg, vask spesielt godt under armane, i navlen og nedantil. Bruk vanleg såpe og sjampo.
- Du må fjerne neglelakk, smykke og sminke.
- Frå midnatt må du faste, det vil seie; ikkje ete, drikke, røyke, snuse, tygge tyggegummi eller suge på pastillar.
Førebuing operasjonsdagen
- Du skal igjen dusje
- Blodtrykk, puls, oksygenopptak og temperatur blir målt
- Du får eventuelt morgonmedisin
- Du får reint sengetøy
- Verdisakene dine vert nedlåste på avdelinga
- Du får medisin som verkar avslappande
- Eventuelle tannprotesar tar ein ut før operasjonen.
Røyking
Dersom du røyker før og etter operasjonen, risikerer du fleire plager enn ikkje-røykande nyopererte. Særleg er det auka risiko for slimopphoping i luftvegane, og dermed auka fare for lungebetennelse. Røykjarar hostar meir enn andre, og hoste vil gje smerte i operasjonssåret. Det er derfor viktig at du sluttar å røykje før operasjonen.