Dagen du vert innlagd
Du vil få munnleg informasjon av lege, sjukepleiar/hjelpepleiar og fysioterapeut. Du har anledning til å ha med pårørande når du mottar informasjon.
Blant dei rutinemessige førebuingane før operasjonen er blodprøver, det blir tatt røntgen av lungene dine og hjerterytmeprøvar (EKG) og eventuelt målingar av lungekapasitet.
Dei fleste pasientane reiser heim når alt er gjort, og møter opp i avdelinga om morgonen operasjonsdagen, klokka 07.00.
Kvelden før operasjonen
- Det er nødvendig å fjerne hår i operasjonsområdet frå ryggrad til brystbein. Dette vert utført av personalet. Dersom du overnattar heime, vert dette gjort om morgonen operasjonsdagen.
- Du skal dusje og vaske håret før du legg deg. Bruk vanleg såpe og sjampo, vask spesielt godt under armane, i navlen og nedantil.
- Du må fjerne neglelakk, sminke og smykke.
- Frå midnatt må du faste, det vil si ikkje ete, drikke, røyke, snuse, tygge tyggegummi eller suge på pastillar.
Operasjonsdagen
- Du skal igjen dusje
- Blodtrykk, puls og temperatur blir målt
- Du får reint sengetøy/ rein seng
- Eventuelle medikament får du av sjukepleiaren. Det kan vere litt endringar frå det du vanlegvis tar på grunn av den føreståande operasjonen. Sjølv om du fastar, kan du svelgje tablettane med litt vatn. Før operasjonen får du eventuelt beroligande medisinar, slik at du slappar av. Eventuelle tannprotesar tar ein ut før operasjonen.
Røyking
Dersom du røyker før og etter operasjonen, risikerer du fleire plager enn ikkje-røykande nyopererte. Særleg er det risiko for auka slimopphoping i luftvegane, og dermed auka fare for lungebetennelse.
Dei som røyker hoster meir enn andre og hoste vil gi smerte i operasjonssåret. Det er derfor viktig at du sluttar å røyke før operasjonen.