Ved Neuro-SysMed er ALS-forsking eit viktig satsingsområde. Gjennom kliniske studiar og laboratorieforsking arbeider vi for å forstå sjukdommen betre og utvikle nye behandlingsstrategiar som kan gi pasientar eit betre sjukdomsforløp og høgare livskvalitet.
ALS kan arte seg ulikt frå person til person. Nokre opplever først svakheit i armar eller bein, medan andre merkar endringar i tale eller svelgjeevne. Denne variasjonen understrekar behovet for meir kunnskap og meir persontilpassa behandling.
Dei siste åra er det gjort viktige oppdagingar knytte til dei biologiske og genetiske mekanismane bak ALS. Dette opnar for utvikling av nye behandlingsformer og biomarkørar som kan bidra til tidlegare diagnose, betre oppfølging og meir målretta behandling.
Måla for ALS-forskinga vår er å:
- auke kunnskapen om kva som forårsakar ALS og korleis sjukdommen utviklar seg
- identifisere biomarkørar som kan bidra til tidlegare og meir presis diagnostikk
- undersøkje nye behandlingar gjennom kliniske studiar
- bidra til utvikling av behandlingsformer som kan bremse eller påverke sjukdomsutviklinga
- forbetre livskvaliteten og oppfølginga til personar som lever med ALS
- gi pasientar i Norge tilgang til ny og lovande forsking
Pågåande kliniske studiar:
- NO-ALS-studien: Undersøing om ein kombinasjon av nikotinamid ribosid og pterostilbene kan forseinke sjukdomsutviklinga hos personar med amyotrofisk lateral sklerose (ALS)
- NO-ALS-forlengelsesstudien: langtidsbehandling med nikotinamid ribosid og pterostilbene mot ALS, for vidare behandling av deltakarar som har vore med i NO-ALS-studien
- LTMV-studien:
Livskvalitet hos pasienter og familiemedlemmer ved livsforlengande behandling av ALS
- STRAT-ALS-studien: kartlegging av undergrupper av ALS for betre behandlingsstrategiar
- CARDINALS-studien: Vurdering av effekt av PTC857-behandling hos vaksne personar med ALS
