Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Testing for MS: En lege som vurderer en stående pasient.
MS og forsking

MS og kliniske studiar

Multippel sklerose (MS) er ein kronisk sjukdom som påverkar sentralnervesystemet, altså hjernen og ryggmergen. Sjukdommen blir oftast diagnostisert hos yngre vaksne, og symptoma kan variere mykje frå person til person. I dag finst det heldigvis fleire effektive behandlingar enn nokon gong tidlegare. Mange med MS kan leve aktive og gode liv, og nye behandlingsmetodar har gjort det mogleg å redusere sjukdomsaktivitet og førebyggje funksjonstap i langt større grad enn før.

Vi trur no at MS oppstår som en svært sjeldan komplikasjon til tidlegare gjennomgått infeksjon med Epstein-Barr virus (kyssesjukevirus). Risikoen for å utvikle MS etter ein slik infeksjon vert påverka av genetikk kombinert med miljø- og livsstilfaktorar.  Samtidig lærer vi stadig meir om sjukdommen, noko som gir nye moglegheiter for betre og meir målretta behandling.

Vi har gjennomført og deltek i fleire kliniske studiar på MS i Bergen, der vi undersøker nye behandlingsstrategiar og metodar for oppfølging av pasientar.

Vår forsking på MS har som mål å:

  • utvikle og forbetre behandlingar som kan gi ei betre framtid for personar med MS
  • gi tidleg tilgang til nye behandlingar gjennom kliniske studiar
  • finne biomarkørar som kan bidra til tidleg diagnose og meir persontilpassa behandling
  • forstå kvifor sjukdommen utviklar seg ulikt frå person til person
  • bidra til best mogleg livskvalitet gjennom heile sjukdomsforløpet

Gjennom forskinga ønskjer vi å gi alle som lever med MS i Norge tilgang til ny kunnskap og samtidig leggje grunnlaget for endå betre behandlingar i framtida.

Pågåande kliniske studiar for MS

Kliniske studiar i samarbeid med legemiddelindustrien:

  • An Extension Study of the Roche P-trials to Investigate Safety and Effectiveness of Ocrelizumab in Participants with Multiple Sclerosis (MS). Sponsor: Roche.
  • A Rollover Study to Evaluate the Long-Term Safety and Efficacy of Ocrelizumab in Patients with Multiple Sclerosis (OLERO). Sponsor: Roche.
  • A Study to Investigate Long-term Safety and Tolerability of Tolebrutinib in Participants with Multiple Sclerosis. Sponsor: Sanofi.
  • Primary Progressive Multiple Sclerosis (PPMS) Study of Bruton's Tyrosine Kinase (BTK) Inhibitor Tolebrutinib (SAR442168) (PERSEUS). Sponsor: Sanofi.
  • Non-relapsing Secondary Progressive Multiple Sclerosis (NRSPMS) Study of Bruton's Tyrosine Kinase (BTK) Inhibitor Tolebrutinib (SAR442168) (HERCULES). Sponsor: Sanofi.
  • LEMTRADA-PASS Study: A prospective, multicentre, observational, post-authorisation safety study to evaluate the long-term safety profile of LEMTRADA® (alemtuzumab) treatment in patients with relapsing forms of multiple sclerosis. Sponsor: Sanofi.

 

Avslutta kliniske studiar for MS

  • Ein studie av rituximab samanlikna med cladribin for behandling av MS

 

Sist oppdatert 06.07.2026