Brukarmedverknad i spesialisthelsetenesten handlar om at brukarar (pasient eller pårørande) samarbeider med fagpersonar på ulike nivå i organisasjonen. Slik kan helseføretaket systematisk og kontinuerleg samarbeide med fleire brukargrupper om kvalitetsforbetringar. Dette skjer både på overordna nivå (systemnivå), meir fagspesifikke område (tenestenivå), og i møte med den enkelte pasient (individnivå). Brukaren har lovmessig rett til å medvirke , og helsetenesta har lovmessig plikt til å involvere brukaren: «Pasientperspektivet i alt vi gjer» er derfor eit av fokusområda i strategien vår.
Organisering av brukarmedverknad i Helse Bergen
Brukarutvalet er på systemnivå
Representantane i Brukarutvalet kjem frå fleire brukarorganisasjonar, og er involvert i planlegging av tiltak og tenester som har allmenn betyding. Brukarutvalet har fokus på at våre helsetenester skal vere best mogleg kvalitet for alle brukarar, uavhengig av alder, kjønn, bustad, etnisk opphav, sosial status, sjukdom/diagnose og funksjonsnedsetting. Brukarutvalet er rådgivande organ for administrerande direktør og styret ved Helse Bergen HF i brukarrelaterte spørsmål.
Bli meir kjent med Brukarutvalet i Helse Bergen.
Ungdomsrådet er på systemnivå
Alle medlemmane i Ungdomsrådet har erfaring som pasient og/eller pårørande i Helse Bergen. Ungdomsrådet jobbar for å betre sjukehuskvardagen for alle barn og unge som er pasient eller pårørande. Ungdomsrådet er også rådgjevande organ for administrerande direktør og styret i Helse Bergen.
Bli meir kjent med Ungdomsrådet i Helse Bergen
Brukarutvalet og Ungdomsrådet er knytt til Seksjon samhandling
Brukarpanel er på tenestenivå
Alle medlemmane i brukarpanela har spesifikk brukarerfaring frå den avdelinga/klinikken som brukarpanela jobbar for (for eksempel rus, psykiatri, eller somatikk). Hensikta med brukarmedverknad på tenestenivå er å styrke brukerperspektivet i drifta av den bestemte klinikken eller avdelinga.
I Helse Bergen er det etablert følgande panel:
- Erfaringspanelet for psykisk helse og rus
- Rus- og avhengighetspanelet
- Brukarpanel Kvinneklinikken
- Ungdomsrådet (både system og tenestenivå)
- Brukarpanelet ved Voss sjukehus
E-læringskurs i brukarmedverknad



