Nodens leiarar: Aurora Martinez og Jannicke Igland (Trond Riise t.o.m. 2024)
Aurora Martinez er professor ved Institutt for biomedisin ved Universitetet i Bergen og leiar for Biorecognition-gruppa. Forskargruppa undersøkjer dei molekylære mekanismane bak nevrometabolske og nevrologiske sjukdommar ved hjelp av tverrfaglege og translasjonelle metodar. Martinez-laboratoriet er eit spesialisert screeningsenter i NOR-Openscreen og EU-Openscreen-nettverka, og har høg kompetanse innan biofysikk, strukturbiologi, legemiddelutvikling, cellebiologi og dyremodellar for forsking. Den metodiske ekspertisen ho bidreg med i Neuro-SysMed, omfattar målidentifisering og screening av legemiddel ved hjelp av både biofysiske og cellulære analysar. Dette inkluderer også mekanistisk validering av dei mest lovande kandidatane, og brei kunnskap om utviklinga frå tidleg legemiddeloppdaging til identifisering av dei beste kandidatane for utprøving i pasientar. Målet er å utvikle førebyggjande og korrigerande behandlingar for Parkinsons sjukdom og liknande sjukdommar. Martinez sitt team utgjer den eksperiementelle greina av noden.
Trond Riise var tidlegare leiar av DRONE-gruppa – Drug RepurpOsing for NEurological diseases. DRONE-gruppa har verdsleiiande ekspertise innan registerbasert og epidemiologisk forsking. Dei arbeider med virtuell legemiddelscreening ved å bruke dei norske helseregistra for å finne eksisterande legemiddel som kan få ny bruk. Riise si forsking er retta mot epidemiologiske studiar av nevrologiske sjukdommar, inkludert Parkinsons sjukdom og multippel sklerose. Hovudfokuset er å identifisere miljøfaktorar som, anten åleine eller i kombinasjon, påverkar risikoen for å utvikle desse sjukdommane.
Trond Riise pensjonerte seg 31. januar 2025, og ny leiar av DRONE-gruppa og med-leiar av Drug Discovery-noden er førsteamanuensis Jannicke Igland. Ho er statistikar med lang erfaring frå registerbasert epidemiologi, inkludert farmakoepidemiologi. Ho har vore ein del av DRONE-gruppa heilt frå starten av. Trond Riise vil framleis bidra med sin ekspertise i gruppa, no som professor emeritus.
Igland sitt team utgjer in silico-greina av noden.
Aktivitetar ved Drug Discovery-noden
Aktuelle fokus ved noden omfattar:
Betre energiforsyning til hjernen
Mitokondriefunksjon: I samarbeid med Charalampos Tzoulis i Parkinson-noden har Drug Discovery-noden gjennomført eit cellebasert screeningsprosjekt for å identifisere allereie godkjende legemiddel som kan motverke redusert funksjon i det neuronale respiratoriske kompleks I (CI), ein tilstand som ein har observert hos ei undergruppe av pasientar med Parkinsons sjukdom. Eit av stoffa dei har funne, identifisert av postdoktor Kunwar Jung-Kc, er eit allereie godkjent godkjent legemiddel som viser potensial til å betre mitokondriefunksjonen, det vil seie "energifabrikkane" i cellene våre. Det har vist lovande resultat i å auke nivået av mitokondriekompleks I-protein og fremje mitokondriell biogenese. Vidare studiar er i gang for å finne ut korleis stoffet verkar på cellenivå og påverkar mitokondriefunksjonen, med mål om å undersøkje mogleg behandlingseffekt ved Parkinsons sjukdom. Prosjektet har nyleg fått ytterlegare finansiering frå Norsk Parkinsonforbund til å arbeide vidare med å teste korleis dette stoffet og andre kandidatar verkar, og førebu det til mogleg testing i kliniske studiar.
Forbetra produksjon av dopamin
Tyrosinhydroksylase (TH) som behandlingsmål ved Parkinsons sjukdom og parkinsonismar: Eit anna spennande prosjekt handlar om å hjelpe kroppen til å lage meir dopamin – eit signalstoff som er viktig for rørsler, og som manglar ved Parkinsons sjukdom. I eit nytt samarbeid med laboratoria til Angeles García-Cazorla (Hospital Sant Joan de Déu, Barcelona) og Antonella Consiglio (Bellvitge universitetssjukehus – IDIBELL, Barcelona) har noden funne at tilskot av TH-koenzymet tetrahydrobiopterin (BH4) aukar mengda av TH+ celler og dopamin (DA). I forsøk på mus har dette ført til betre motorisk funksjon. Dette peikar på eit behandlingspotensial for BH4 ved spesifikke TH-variantar og parkinsonismar (Jung-Kc et al., 2024). Dei har også funne eit protein som hjelper til med å halde enzymet stabilt og unngå at det klumpar seg saman (Tai et al., 2024). Dette opnar for nye typar legemiddel som kan verne og støtte desse viktige prosessane i hjernen.
Betre kontroll på dopamin i hjernen
VMAT2 som eit mogleg behandlingsmål ved Parkinsons sjukdom (PS):
Dette prosjektet ser på eit stoff i hjernen som heiter VMAT2. Dette stoffet fungerer som ein slags «pakke-maskin» som sørgjer for at dopamin – eit viktig signalstoff – blir lagra på rett plass i nervecellene. Dersom dette ikkje skjer som det skal, kan det føre til celledød og sjukdom. VMAT2 er kopla til både tyrosinhydroksylase (TH) og α-synuklein – to viktige mål i forsking på Parkinsons sjukdom – men vi veit enno ikkje heilt korleis dette påverkar dopaminsignaleringa.
Forskar Svein Isungset Støve har gjennom biofysiske og cellulære analysar funne stoff som kan påverke denne pakkeprosessen. Han har identifisert sterke VMAT2-hemmarar som kan vere aktuelle i behandlinga av Tardiv dyskinesi, i tillegg til stoff som kan auke mengda VMAT2-protein og slik bidra til betre lagring av dopamin.
Å finne aktivatorar eller stabilisatorar av VMAT2 er interessant, fordi høge nivå av dopamin i cytoplasmaet kan vere giftig for cellene. Å stimulere VMAT2 tidleg i sjukdomsforløpet er derfor ein behandlingsstrategi som får aukande merksemd.
Bruk av gamle medisinar på nye måtar
Legemiddelscreening basert på helseregister: DRONE-gruppa brukar store norske helseregister for å sjå om nokre medisinar vi allereie brukar til andre sjukdomar, faktisk også kan hjelpe mot nevrologiske sjukdommar. Dei har analysert alle reseptar gitt til heile den norske befolkinga sidan 2004 – om lag 800 millionar – og knytt desse til førekomst av Parkinsons sjukdom, ALS og MS.
Eit fullstendig søk etter stoff som påverkar risikoen for Parkinsons sjukdom er gjennomført, og i samarbeid med professor Clemens Scherzer ved The Neurogenomics Lab ved Harvard University, testar dei no 72 lovande stoff på nerveceller som er laga frå stamceller frå pasientar med ein genetisk variant (SNCA-triplisering) som gir arveleg Parkinsons sjukdom. Dei første resultata frå denne «epi-screeninga» vart publiserte i tidsskriftet Neurology i 2023 (Romanowska et al.).
DRONE-gruppa har i tillegg fått ny finansiering frå Michael J. Fox Foundation (300 000 USD) for å kombinere funna sine med tilsvarande studiar i Finland og Frankrike gjennom ein såkalla meta-analyse.
Neste steg: Kan mononukleose påverke risikoen for MS?
I 2025 utvidar noden metodane dei har brukt på Parkinson, til også å gjelde MS, i samarbeid med MS-nodens prosjekt EBV-MS, som er finansiert av EU sitt Horizon-program. Då vil dei sjå nærare på personar som har hatt kraftige EBV-infeksjonar (ofte kalla kyssesjuke). Ved å kombinere diagnosar og reseptdata kan dei finne ut om nokre medisinar verkar førebyggjande eller påverkar kor raskt sjukdommen utviklar seg. Dette kan gi oss ny innsikt i kva som triggar MS, og kva vi kan gjere for å hindre eller bremse han.