Bakgrunn
Utvikling av nye behandlingar for Parkinsons sjukdom går ofte sakte. Tradisjonelt må kvar enkelt legemiddelkandidat testast i ei eiga stor og kostbar studie, noko som krev mange deltakarar og tek lang tid.
HYDRA er utvikla for å endre dette. Studien nyttar ein ny og innovativ modell der fleire mogelege behandlingar blir testa parallelt i same studie. Alle behandlingane blir samanlikna med ei felles placebogruppe, noko som gjer forskinga både raskare og meir ressurseffektiv.
Ein viktig fordel med HYDRA er at studiedesignet er tilpassingsdyktig. Dersom det tidleg blir tydeleg at ei behandling ikkje har den ønskte effekten, kan denne delen av studien avsluttast. Då kan ressursar og deltakarar i staden rettast mot behandlingar som ser meir lovande ut.
Målet er å finne behandlingar som ikkje berre lindrar symptom, men som faktisk kan bremse utviklinga av sjukdommen.
Design
HYDRA er ei stor nasjonal plattformstudie som skal inkludere om lag 800 personar med Parkinsons sjukdom frå 12 sjukehus og forskingssenter i Noreg. Ved behov kan også internasjonale samarbeidspartnarar bidra med deltakarar.
I første omgang skal studien undersøkje effekten av tre ulike legemiddelkandidatar som kan ha potensial til å bremse sjukdomsutviklinga.
Studien er bygd opp i fleire fasar. Undervegs blir resultata vurderte fortløpande, slik at dei mest lovande behandlingane kan prioriterast vidare.
For å gjere deltaking enklare vil studien bruke digitale løysingar og desentraliserte arbeidsmåtar når det er mogleg. Dette skal redusere belastninga for deltakarane og gjere det enklare å rekruttere personar frå heile landet.
Mål med studien
Det overordna målet er å undersøkje om dei utprøvde behandlingane kan bremse utviklinga av Parkinsons sjukdom.
Forskarane vil også undersøkje korleis behandlingane påverkar:
- motoriske symptom og rørslefunksjon
- kognitiv funksjon og tenkjeevne
- aktivitetar i dagleglivet
- livskvalitet
- belastning for pårørande
I tillegg vil studien utforske bruk av digitale verktøy og biologiske markørar (biomarkørar) som kan gi ny kunnskap om sjukdomsutvikling og bidra til meir persontilpassa behandling i framtida.
Primært endepunkt
Det viktigaste målet i studien er å samanlikne endringar i symptomutvikling mellom behandlingsgruppene og placebogruppa etter 52 veker.
Dette blir målt ved hjelp av Movement Disorder Society Unified Parkinson’s Disease Rating Scale (MDS-UPDRS), eit internasjonalt anerkjent verktøy som vurderer både motoriske og ikkje-motoriske symptom ved Parkinsons sjukdom.
Kvifor er HYDRA viktig?
HYDRA kan bli ein ny modell for korleis kliniske studiar innan Parkinsons sjukdom blir gjennomførte i framtida. Ved å teste fleire behandlingar samtidig kan ein:
- få raskare svar på kva som verkar
- bruke færre deltakarar enn ved fleire separate studiar
- redusere kostnader
- korte ned tida det tek å utvikle nye behandlingar
- gi pasientar raskare tilgang til lovande behandlingar
Målet er å kunne gi tydelege svar på om behandlingane verkar innan fem år, noko som kan føre til godkjenning av nye sjukdomsmodifiserande behandlingar.
Status
Studien er under etablering. Styringsgruppa og ei brukargruppe med pasientrepresentantar har hatt møte gjennom 2025.
HYDRA har fått finansiering frå Helse Vest og Norges Parkinsonforbund, og det blir arbeidd med ytterlegare finansiering. Samstundes blir dei aktuelle legemiddelkandidatane sikra, og hovudprotokollen og dei første delprotokollane blir utvikla.
Rekruttering av deltakarar er planlagd å starte tidleg i 2027.
Deltakande senter
- Haukeland universitetssjukehus, Bergen
- Universitetet i Oslo / Akershus universitetssjukehus
- Akershus universitetssjukehus
- Vestre Viken
- Sykehuset Østfold
- Nordlandssjukehuset, Bodø
- Universitetssjukehuset Nord-Noreg, Tromsø
- Førde sentralsjukehus
- Sørlandsklinikken, Arendal
- Sørlandet sjukehus, Kristiansand
- Haugesund sjukehus
- Molde sjukehus
- Lillehammer sjukehus
- Sykehuset Telemark
Finansiering
- KLINBEFORSK
- Helse Vest
- Norges forskingsråd (Neuro-SysMed)
- Haukeland universitetssjukehus
- Norges Parkinsonforbund
Meir informasjon
For meir informasjon eller dersom du ønskjer å delta i studien, kontakt:
neurosysmedstudier@helse-bergen.no