Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Sjukepleiar ved dialysemaskin

Medisinsk post 2 - Dialysen

Dialyseavdelinga er ei dageining. Pasientane kjem til behandling og reiser heim same dag. Ved avdelinga behandlar vi pasientar med nyresvikt som er dialysetrengande. Dei kjem til dialyse fleire gonger i veka og behandlinga er individuelt tilpassa. Dialyseavdelinga utfører òg Plasmaferese og LDL-afarese, og har ein utpost-funksjon der vi behandlar pasientar ved andre avdelingar på sjukehuset.

Dialyseavdelinga har 20 behandlingsplassar i Sentralblokka på Haukeland. I tillegg driftar vi ein dialysesatellitt på Sotra med 10 behandlingsplassar, og ein dialysesatellitt i Nordhordland med 9 behandlingsplassar. 

Behandlingsformar vi utfører: 

I tillegg tilbyr vi, og legg til rette for heime-dialyse og sjølv-dialyse. 

Tilknytta avdelinga er Peritoneal-dialyse (PD) poliklinikk. Her går pasienter som har peritoneal-dialyse til kontroll.

Eininga driv nyreskulen, som er eit undervisningstilbod til kroniske nyresviktpasientar og deira pårørande.

tre sjukepleiarar på vaktrom
Bildetekst

 

Kontakt

Telefon

Dialyse Haukeland

55 97 36 20

Dialyse - Region Nordhordland Helsehus

55 97 16 40 / 41

Dialyse - Øygarden lokalmedisinske senter

55 97 09 73 / 74

PD-Sjukepleiar

55 97 36 05

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med VestDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Skal du til dialyse på Haukeland Universitetsjukehus, finn du oss i Sentralblokka, 6. etasje, nord. 

PD-poliklinikk finn du i sentralblokka 6. etg ved dagligstuen, nord.

Skal du til dialyse i Knarvik, finn du oss i Region Nordhordland Helsehus, 2. etasje, inngang B.
Skal du til dialyse på Sotra, finn du oss i Øygarden lokalmedisinske senter, 2. etasje.


Opningstider
 
Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus:
Måndag-fredag kl. 07.30-21.00
Laurdag og søndag kl. 07.30-15.00
Besøksadresse: Haukelandsveien 22, 5053 Bergen
 
PD-poliklinikk: 
Måndag - fredag 07:30 - 15:00 
Besøksadresse: Haukelandsveien 22, 5053 Bergen
Utenom opningstid, ta kontakt med Medisin post 1 Nefro 55 97 36 00/55 97 36 02
 
Nordhordland helsehus, Knarvik: 
Kvardagar: kl. 07.30-15.00. Stengt tysdagar
Besøksadresse: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø

Øygarden lokalmedisinske senter, Sotra: 
Kvardagar kl. 07.30-15.00. Stengt torsdagar
Besøksadresse: Blombakkane 77, 5353 Straume.
Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Kvassnesvegen 40

5914 Isdalstø

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​


Helse Bergen har inført parkeringssystemet Sesam Sesam. Bommane og billettautomatane blir fjerna til fordel for eit skiltgjenkjenningssystem. Det vil seie at eit kamera les bilnummeret ved inn- og utkøyring.  

Parkering for korttidspasientar hos dialysen

Pasientar hos Medisinsk post 2 – dialysen har tidlegare fått betalingsfritak ved å stemple parkeringsbilletten sin. Denne praksisen blir no endra. For deg som pasient blir parkeringa mykje enklare. Du køyrer som vanleg inn i parkeringshuset, men no utan å trekkje parkeringsbillett.

Hugs å notere deg bilnummeret ditt. Dette må du hugse når du møter opp på avdelinga. Ta kontakt med postsekretær på avdelinga når du møter opp, og opplys kva for bilnummer du har. Parkeringa di blir da oppdatert, slik at du ikkje blir belasta for parkeringsavgift.
Pasientar på Dialyseavdelinga har fri parkering i 8 timar.
Etter avslutta behandling treng du ikkje gjere anna enn å køyre ut av parkeringshuset. Du må ikkje vise billett, eller betale. 

Parkering for langtidspasientar hos dialysen

Langtidspasientar hos Medisinsk post 2 – dialysen har tidlegare fått tildelt eit eige parkeringskort som har blitt brukt ved inn- og utkøyring til parkeringshuset. Denne praksisen blir no endra.

Registrering
Du må no ta kontakt med postsekretær ved avdelinga og oppgi bilnummeret ditt, som blir lagra i ein database. Registreringa av bilnummer må berre gjerast éin gong.  Etter dette kan du køyre fritt inn og ut av parkeringshuset utan å bli belasta for det.

Kva om eg nyttar fleire bilar?
Dersom du nyttar deg av ein annan bil enn den du har registrert, så må du notere deg dette bilnummeret og oppgi det til postsekretæren når du møter opp til timen din. Du vil da få fri parkering i åtte timar for dette bilnummeret.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.