Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

EEG -undersøking for barn og unge

EEG er ei forkorting for elektroencefalografi. EEG måler straumen i hjernen og viser når hjernen ei kort stund ikkje verkar som ho skal. Nokre sjukdommar i hjernen gjer at straumen blir forstyrra. EEG kan fortelje om du har epilepsi og korleis epilepsi påverkar hjernen din.

Til deg

Denne teksten om EEG er meint for deg som er barn og for foreldra dine.

Bildeserie

Her er ein bildeserie til deg som skal på sjukehuset til EEG-undersøking

Glasblokkene
Når du er framme på Haukeland kan du gå til huset som heiter Glasblokkene.
Resepsjon Glasblokkene
Registrer deg på innsjekkingsautomaten i resepsjonen eller på mobilen.
Korridor med navneskilt
I første etasje går du vidare til blokk 8.
Venterom med stoler og bord
På dette venterommet kan du sitte å vente til det er din tur.

 

 

Under

 

En lege og en pasient
Ein av oss som jobbar her kjem og hentar deg når det er din tur.

 

Måle omkrets av hodet med et målebånd
Vi måler hovudomkretsen din med eit måleband medan du sit i ein stol.

 

Et barn med EKG-hette
Så får du ei hette på hovudet som er passeleg stor til deg.

 

Et barn med EKG-hette som får krem i hullene på hetten
I alle hola som er i hetta smører vi ein krem ved hjelp av ein bomullspinne.

 

Et barn med EKG-hette med ledninger
Vi festar leidningar til hetta.

 

Et barn med EKG-hette og netting utenpå
Utanpå hetta tar vi netting slik at leidningane ligg på plass.

 

Et barn med plasterlapper på brystet
Oppe på brystet ditt festar vi ei leidning på kvar side med plaster. Du kan ha kleda dine på.

 


Undersøkelsesbenk i et rom
No kan du velge om du vil ligge på denne benken eller sitte på fanget til den vaksne du har med deg denne dagen. No har EEG registreringa starta, og du kan lese i ei bok du har tatt med eller sjå i mobilen din ei stund.
En gul blåsevifte
Ei stund skal du blåse på denne vifta så den rører på seg.
Sort lampe
Ei stund skal du sjå på ei lampe som blinkar. Og ei stund skal du lukke att auga.
 
 

Etter

Et barn med EKG-hette og netting utenpå
Når du er ferdig tar vi av alt utstyret. Først tar vi av deg nettingen.

 

Et barn med EKG-hette med ledninger
Så tar vi av deg leidningane som er på hetta og brystet ditt.
Et barn med EKG-hette
Til slutt tar vi av hetta. Nå er du ferdig.

 


Nokre gonger må eg dra på sjukehuset for å ta EEG undersøking. Det er ei undersøking av hjernerytma mi. Det tar ca 1 time.

Når vi er komen fram til sjukehuset, går eg inn på venterommet og ventar. 
Når det er min tur, går eg inn på undersøkingsrommet, tar av meg jakka, og set meg i stolen.
Det gjer ikkje vondt å ta EEG. Dei som jobbar her hjelper meg med å gjere meg klar til undersøkinga:
På hovudet mitt får eg ei tøyhette. Dei som jobbar her smører elektrodekrem i hårbotnen der det er hull i tøyhetta. Så festar dei leidningar på hetta. Så tar dei ei nettinghette utanpå så ledningane ligg i ro. På brystet mitt får eg to leidningar med elektrodekrem på og plaster over.

 
Når startar registreringa av hjernerytmen min.
Eg må sitte roleg i ein stol eller ligge på benken i omlag 20 minutt.  No blir det sendt signal frå elektrodane eg har på hovudet og på brystet, gjennom leidningane og til datamaskina. Eg kan ikkje kjenne noko, men på dataskjermen kan vi sjå bilde av bølgene. Bølgene syner korleis hjernen mi jobbar. Eg kan lese i ei bok eller sjå på mobilen min medan eg er roleg. Det går fint!

 
Etter ei stund får eg nokre oppgåver av dei som jobbar her:
  • Eg må puste fort eller blåse på ei vifte. 
  • Så må eg sjå på ei lampe som blenkar
  • Til slutt skal eg lukke augene ei lita stund. Det klarar eg!

Når undersøkinga er ferdig, tar dei av meg hetta og leidningane. 
Da får eg premie, sidan eg har vore så roleg.
Eg vil prøve å vere flink på sjukehuset
Det er smart!

 

Noen ganger må jeg dra på sykehuset for å ta EEG undersøkelse. Det er en undersøkelse av hjernerytmen min, og varer omtrent 1 time.

Når vi er kommet fram til sykehuset, går jeg til venterommet og venter. Når det er min tur, går jeg inn på undersøkelsesrommet , tar av meg jakken og setter meg i stolen.

Det gjør ikke vondt å ta EEG.
De som jobber her hjelper meg med å gjøre meg klar til undersøkelsen. På hodet mitt får jeg en tøyhette. De som arbeider her De som arbeider her smører elektrodekrem i hodebunnen, der det er hull i tøyhetten. Så fester ledninger på hetten. Så tar de en nettinghette utenpå, så ledningene ligger i ro.
På brystet mitt får jeg to ledninger med elektrodekrem på og med plaster over.

Jeg må sitte på stolen eller ligge på benken helt rolig i omtrent 20 minutter. Nå blir det sendt signal fra elektrodene jeg har på på hodet og på brystet, gjennom ledningene og til datamaskinen. Jeg kan ikke kjenne noe, men på dataskjermen kan vise bilde av bølgene. Bølgene viser hvordan hjernen min arbeider. Jeg kan lese i en bok eller se på mobilen min mens jeg sitter rolig. Det går fint!

Etter en stund får jeg noen oppgaver av de som arbeider her:

    Jeg må puste fort eller blåse på en vifte. 
  • Så må jeg se på en lampe som blinker
  • Til slutt skal jeg lukke øynene en liten stund. Det klarer jeg!  

Når undersøkelsen er ferdig, tar de av meg hetten og ledningene.

Da får jeg premie, siden jeg har vært så rolig.
Jeg vil prøve å være flink på sykehuset.
Det er smart!


 


 

 



 

Sist faglig oppdatert 06.01.2025

Kontakt

Glasblokkene Barne- og ungdomsklinikken

Kontakt Barne- og ungdomsklinikken

Oppmøtestad

Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8 i 1. etasje, er open alle kvardagar frå 07.00- 21.00, og frå 08.00-21.00 i helg/heilagdagar.

Skal ditt barn ta blodprøvar, skjer dette i Blokk 6 i 1. etasje 
(opningstid måndag-fredag kl. 08.00-15.30). 

Bygning med store glassflater

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.  

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

​​Som hovudregel har ikkje Barne- og ungdomsklinikken fast visittid. Nokon av avdelingane ønsker ro delar av dagen og få besøkande om gongen. Meir informasjon får du på den enkelte sengepost.

​Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.

Les meir om gåver og donasjonar

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

Måltida i spisestoven blir servert: 

Frokost: 08.00-09-00

Lunsj: 11.30-12.30

Middag: 15.00-16.00

Kvelds: 19.00-20.00

Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

 

Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

​Ein av foreldra blir tilbydd overnatting på Barne- og ungdomsklinikken, enten på rom saman med barnet eller på eige foreldrerom. Personalet ordnar dette den dagen barnet blir lagt inn. 

Barnet har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile sjukehusopphaldet, og vi anbefaler at du er hos barnet så mykje du kan. Hugs at barn som er sjuke treng ekstra tryggleik og nærleik til sine næraste. 

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

​Vi ønsker at sjukehusområdet vårt skal vere røykfritt. Dei aller fleste pasientar og pårørande trivst best i eit røykfritt miljø. Mange blir også direkte plaga om dei blir utsette for passiv røyking.

Det er ei utfordring at mange røyker utanfor inngangspartia på sjukehuset.
Om du skal røyke når du oppheld deg på sjukehusområdet, ber vi deg om å gjere dette på dei stadene vi har sett av til dette. Dette gjeld også bruk av e-sigarettar.
 
​Vi har lagt til rette for røyking følgande stader:​
  • ​Røykerom ved inngangen frå parkeringsdekket på austsida av Foajéen i Sentralblokka, utgang til høgre for Deli de Luca​
  • Røykeskur framfor Gamle hovudbygg
  • Røykeskur framfor Augebygget
​Vi håpar du respekterer røykeforbodet vårt av omsyn til andre pasientar.​
Tilsette har ikkje lov til å røyke på sjukehusområdet.

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

For mor og far: dersom du er usikker på korleis du skal forhalde deg; ta kontakt med sjukeplear for avklaring. 

For andre besøkande - dersom du er sjuk – hald deg heime!

Hygiene - Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar. God handhygiene betyr handvask før du rører barnet, i tillegg til å ha nakne armer under albuen. Altså oppbretta genser, av med ringer, klokker eller lange negler.

I Glasblokkene er det 3 stillerom disponibelt for pasienter, pårørende og personale, samt sykehusprest og representanter fra andre trossamfunn. Det er eit stillerom i U1 og to i U2.  
 

Eit stillerom er eit rom for ro og tanke, tro-og livssynsnøytralt og alltid åpent. Det skal gi moglegheiter for å tenne lys, skrive i “minnebok”, holde ein mindre seremoni, eller å ta en “timeout” fra omgivnadene. Rommet uttrykker respekt, verdighet og ro, for dei som har behov for det. 

Romma er sentralt plasserte og lett tilgjengelege. Dei har sittemøblar, skap med bordplate, og vil være mogleg å delvis eller totalt skjerme. Romma er kan bli brukt av pasientar, pårørande, personale, sjukehusprest og representantar frå andre trussamfunn.   

Rommet innbyr til ei anna stemning enn det ein opplever andre stader i bygget og danner rammer for ettertanke og høgtid. Det er ope og fleksibelt, og gir moglegheiter for funksjoner som kan skapes av de som bruker det og har behov for det.  

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​Sjukehuset har dessverre ikkje tilbod om vask av privat tøy for pårørande eller inneliggande pasientar.

Dersom du har behov for å vaske tøy under sjukehusopphaldet, må du benytte vaskeri/renseri i byen.

​Barn og ungdom t.o.m. 15 år (Innlegging for Diabetes, Epilepsi og IBD går opp til 18 år ved BUK) med mistanke om medisinsk tilstand som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken.

Før innlegging er det mogleg å konferere med Pediatrisk bakvakt:
Ring 55975000 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken.

Barn/ungdom som kan køyre i drosje eller privatbil, skal meldast direkte til resepsjonen på BUK:
Ring 55 97 33 93

Barn/ungdom som treng ambulanse, skal meldast via AMK.
Ring 113

Dersom lege eller ambulanse ønsker direkte kontakt med nokon i mottaket for å gi oppdateringar undervegs ring 41701556 (intern 509544) til BUK Ansvarsvakt Mottak.