Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kjønnsinkongruens

Kjønnsinkongruens hos unge og vaksne er ein tilstand der du opplever misforhold mellom kjønnsidentitet og fødselsskjønn. Kjønnsinkongruens kan oppstå i småbarnsalder, under eller etter puberteten og i vaksen alder.

Regional sent for kjønnsinkongruens, har som oppgåve å ta imot unge opp til 18 år som treng støtte og hjelp med eigen kjønnsidentitet.

Vi tilbyr utgreiing, behandling, og oppfølging, av barn og unge som opplever kjønnsinkongruens. Vi har psykososiale tilbod som samtalar, opplæring, rekvirering av behandlingshjelpemiddel, og lærings- og meistringskurs.

Alle som jobbar ved senteret er vant til å snakke med barn, unge og foreldre om vanskelege kjensler og tankar, og utfordrande ting som skjer i livet. Vi er opptekne av å lytte både til deg og foreldra dine.

Tilvising og vurdering

Vi vil gå gjennom tilvisinga frå lege/BUP/psykolog. Det blir tatt stilling til om du har rett til behandling hos RSKI.

Får du ikkje rett til behandling, vil du få ei beskriving av kvifor ikkje. Du har rett til å klage på eit avslag på behandling.

Har du rett til behandling vil det gjerast ei vurdering av kva behandlingstilbod vi kan gi deg. Du vil få eit brev som beskriv dette og som gir deg ein indikasjon på når du kan vente å få time.

Senteret har dessverre ikkje noko behandlingstilbod til pasientar over 18 år, men unge mellom 18 og 23 år, kan tilvisast for ein konsultasjon/kort orientering om behandlingsmoglegheiter som finnest i Noreg og om behandlingshjelpemedel.

Ventetida på time hos RSKI kan vere lang. Vi anbefaler at du møter til den timen du får tildelt, då endring kan føre til lengre ventetid.

Det er fastlegen, BUP eller psykolog i kommunen din som kan tilvise deg under 18 år til Regionalt senter for kjønnsinkongruens for behandling.

Ved psykiske vanskar av moderat eller alvorleg grad, der psykisk helsevern ikkje alléreie er involvert, skal det òg sendast tilvising til lokal BUP.

Unge mellom 18 og 23 år

Senteret har dessverre ikkje noko behandlingstilbod til pasientar over 18 år, men unge mellom 18 og 23 år, kan tilvisast for ein konsutlasjon/kort orientering om behandlingsmoglegheiter som finnest i Noreg og om behandlingshjelpemedel. Vi kan og hjelpe til med bestilling av enkelte behandlingshjelpemiddel frå “Behandlingshjelpemiddel i Spesialisthelsetenesta”. (K ompresjonsvestar og penisprotesar).

Har du behov for brystproteser kan fastlegen din hjelpe deg med dette. Det er NAV som administrere refusjoner når det gjelder brystproteser.

Pasientar over 18 år som blir tilviste må ha få sett diagnosen Z76.89 Uspesifisert kjønnsinkongruens (ein medisinsk kode brukt for å beskrive kjønnsinkongruens utan spesifisering)/Z76.80 Kjønnsinkongruens i ungdom og vaksen alder.

Tilvisinga til Regionalt senter for kjønnsinkongruens skal innehalde:

  • Opplevd kjønnsidentitet
  • Varigheit av kjønnsinkongruens
  • Eventuell dysfori/ubehag
  • Livssituasjon – familie, skule, arbeid
  • Skildring av eventuelle helseplager – somatiske og psykiske (tidlegareog noverande)
  • Pubertetsstatus
  • Ønske og forventningar pasienten har til kontakt med RSKI
  • Namn på fastlege

Spørsmål og svar om utgreiing og behandling

 

Det aller første som skjer er at vi inviterer til ein samtale. Alle barn og unge som kjem hit har si unike historie, og vi ønskjer vi å bli meir kjent med deg.

I den første samtalen vil vi kartlegje din situasjon, ved å snakke med deg og foreldra dine. Saman blir vi einige om du vil ha med foreldra dine på heile samtalen, eller om vi skal snakke med deg og foreldra dine kvar for seg.

Er du over 16 år, er du helsemessig myndig og bestemmer sjølv om du vil ha med foreldra dine.

Vi ønsker at denne første timen skal vere ved fysisk frammøte.

Om det ikkje er mogleg å møte på sjukehuset, kan du ta kontakt med oss og melde tilbake at dei ønsker timen digitalt. Vi vil da sende ei lenkje som dei kan bruke for å logge på elektronisk.

Har de lang reiseveg, tar de kontakt med pasientreiser i den helseregionen de tilhøyrar for å avklare korleis de gjer dette for å få refusjon. https://pasientreiser.no/

Vi kan skrive ut bekrefting på fråvær til skole/arbeidsgivar.'

Førebuing til samtalen

Når vi møtest for å snakke om moglegheitene dine ønskjer vi å saman finne ut om vi kan hjelpe deg å nå målet ditt. Før du kjem er det nyttig om du tenker gjennom:

  • Når begynte du å merke at noko var annleis med deg?
  • Når begynte du å kjenne på ubehag med det kjønnet du har fått tildelt?
  • Korleis var puberteten for deg?
  • Korleis opplever du kroppen din, kva er bra og ikkje bra og kva gjer du for at det skal vere lettare å vere deg?
  • Korleis har prosessen din med å komme ut som det kjønnet du kjenner deg som vore?
  • Kva håpar du på i framtida?
  • Kva trur du blir betre om du får behandling?

Det er flott om du kan skrive ned svara dine og tankane dine rundt desse spørsmåla.

Behandling

Hos oss jobbar lege, sjukepleiar og psykologspesialist, du vil treffa ein av oss i den første samtalen. Vanlegvis vil også denne personen følgja deg opp vidare.

Når du får eit tilbod hos oss vil det bli tilpassa din situasjon og behova dine:

  • Individuelle samtala
  • Samtale med familie
  • Samtalar med andre behandlingsinstitusjonar eks BUP
  • Utprøving og rekvisisjon av hjelpemiddel
  • Lærings og meistringskurs – 2 dagar med foreldre.
  • Kurs behandlingsforløp og behandlingshjelpemiddel. 3 timar. Eit kurs for foreldre og eit kurs for ungdom – desse går parallelt.

Behandling med hormon eller kirurgi

For å vurdere behandling med hormon eller på sikt kirurgi, må du først gjennom utgreiing og behandling ved dei regionale sentra først. Medisinsk behandling med hormonar eller kirurgi er noko som berre går føra seg ved Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens (NBTK) ved OUS. Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens - Oslo universitetssjukehus HF.

Oppfølging

Kor lenge kvar enkelt er under behandling hos oss vil variere. Nokre blir følgt opp hos fastlegen sin, psykisk helsevern for barn og unge, eller andre kommunale tenester.

Dei som ønsker vurdering for hormonell eller kirurgisk behandling vil etter felles vurdering mellom RSK og Nasjonal behandlingsteneste (NBTK) tilvisast dei: Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens - Oslo universitetssjukehus HF.

Sist faglig oppdatert 09.12.2021

Kontakt

Regionalt senter for kjønnsinkongruens

Kontakt Regionalt senter for kjønnsinkongruens

Oppmøtestad

Ta kontakt med Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8.

Transport

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

​Dersom du ynskjer å avbestille eller endre ein time ved posten, finst det to måtar å gjere det på. Enten kan du ringe oss eller så kan du bruke internett. Ynskjer du å avbestille time og det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du kontakte oss på telefon.

Via internett

No kan du sjekke timeavtalane dine og skrive meldingar til avdelinga du har time hos på internett ved å logge deg på Helsenorge. 

I tillegg til å sjå timen din kan du sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ynskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.

Logg deg inn for å:

  • ​Få oversikt over timeavtalane dine
  • Sende ei melding til avdeling du har time hos (ikkje røntgen)
  • Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)

​Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du loggar deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane til barnet.

​Fortsatt brev i posten

Du vil fortsatt få innkallingsbrev i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.

Via telefon

Du kan også ringe til oss for å endre eller avbestille timen din. Du kan ringe ​måndag til fredag før kl. 15.30, telefonnummer står oppført i innkallinga di.

Treng du hjelp med å logge inn? 

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Om det manglar kollektivtilbod og du ikkje har høve til å nytte eigen bil, kan du ringe Pasientreiser på 05515 for å få råd eller hjelp til transport. Viss du av medisinske årsaker har behov for drosje, skal du ved første behandling kontakte den som har henvist deg til sjukehuset. Treng du transport til oppfølgingstimar eller kontrollar, kan du ta kontakt direkte med sjukehuset. Meir informasjon finn du på www.helsenorge.no