Før sjølve operasjonsdagen.
- Kvelden før operasjonen skal barnet dusje.
- Faste startar som avtalt med avdelinga
- Operasjonen blir utført i generell anestesi
Denne operasjonen kan vere aktuell for nokre barn og unge som er fødd med leppe-kjeve-ganespalte.
Barn som har spalte i kjevekammen vil få behov for beintransplantasjon. Hensikta med operasjonen er at tennene skal ha godt med bein å vokse, og bryte fram i.
Det er kjeveortopedane som bestemmer tidspunktet for operasjonen, og det er tennenes frambrudd som avgjer når det ideelt sett skal utførast. Opphaldet på sjukehuset varar frå 1-5 dagar.
Operasjonen vil føre til at barnet får sting i munnen og på eine hoftekammen. Operasjonssåret på hoftekammen vil vere dekka med strips og eit plaster.

Haukelandsveien 22
5021 Bergen