Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Ultralyd av hjarte hos barn og unge
Ultralydundersøking av hjartet er ein del av utgreiinga ved dei fleste hjertesjukdomar og medfødd hjartefeil. Undersøkinga gir detaljert informasjon om hjartets anatomi og funksjon.
Før
Undersøkinga krev inga førebuing. Det er lurt at sped- og småbarn er mette og nøgde før undersøkinga for å kunne halde seg mest mogleg i ro.
Under
Barnet ligg på ein benk eller i seng under undersøkinga. Premature barn blir undersøkt medan dei ligg i kuvøse. Sped- og småbarn kan ligge på fanget. Større barn ligg på undersøkingsbenk, og kan sjå på film under undersøkinga.
Undersøkinga blir vanlegvis gjort av ein barne-hjartespesialist (barnekardiolog), eventuelt ein ekkoteknikar. Barnet får elektroder festa på huda på overkroppen. Undersøkinga blir gjort ved at eit lydhovud blir ført over brystveggen. For å kunne lage bilder må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Derfor brukar vi alltid ein kontaktgelé på huda som kan vere litt kald. Vi brukar kroppstemperert gelé til dei minste.
Bilda blir registrert på ein skjerm som står ved sidan av pasienten, og dei blir lagra digitalt. Opptaka blir analysert og skildra av legen.
Gjer det vondt?
Undersøkinga er smertefri. Barnet kjenner kun eit lett trykk mot brystet frå lydhovudet.
Kva skjer dersom barnet er uroleg?
Dersom spedbarn er urolege, kan ein gi litt sukkervatn, som er beroligande. Om større barn ikkje vil samarbeide ved undersøkinga, må det ein sjeldan gong bli gitt beroligande medisin for å få gjennomført undersøkinga, eller ein set opp ein ny time der ein prøver på nytt.
Kor lenge varer undersøkinga?
Undersøkinga tar vanlegvis 20 – 30 minutt, men det kan ta lengre tid dersom det er vanskeleg diagnostikk eller om barnet er uroleg.
Etter
Pasienten blir ikkje påverka av undersøkinga og kan reise heim eller flyttast tilbake til avdelinga umiddelbart etterpå. Innanfor gjeldande retningslinjer er ultralyd ei trygg og ufarleg undersøking.
Kva tid får eg resultatet?
Det blir vanlegvis gitt eit munnleg resultat og forklaring umiddelbart etter undersøkinga. Skriftleg svar blir sendt til tilvisande avdeling eller fastlege.
Kontakt
GlasblokkeneBarne- og ungdomsklinikken, Nyføddintensiv
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.
Praktisk informasjon
I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.
I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar
Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.
I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.
Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.
Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ventesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.
Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.
Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.