Intensivmedisin er overvaking og behandling av pasientar med trugande eller etablert akutt svikt i èin eller fleire vitale organfunksjonar (lungefunksjon, blodsirkulasjon, sentralnervesystemfunksjon osv.).
- Variasjon (heterogenitet) i pasientgrunnlaget. Det er mange ulike sjukdommar og skadar som kan føre til at ein pasient treng intensivbehandling. Intensivmedisinen tek difor hand om pasientar i alle aldersgrupper og med eit vidt spekter av medisinske tilstandar og diagnosar.
- Spesialisering og høg ressursbruk. Moderne intensivmedisin føregår i eigne avdelingar/-avsnitt i sjukehusa, med spesialutdanna personale og avansert utstyr.
- Lite standardisering. Det har fram til dei seinare åra i avgrensa grad funnest allmennt utbreidde standardar og etablerte retningsliner for intensivmedisinsk behandling.
- Høg dødelegheit. Sidan intensivmedisinen tek hand om kritisk sjuke og skadde pasientar, er dødelegheita naturlegvis høgare enn på mange andre felt i medisinen. Likevel overlever kring 4 av 5 norske intensivpasientar sjukehusopphaldet.
- Ulik organisering. Intensivmedisinen i Noreg er (som i andre land) ulikt organisert, både med tanke på drift, terapival og kvar avdelingane høyrer til i systemet. På mellomstore og mindre sjukehus er det vanleg at intensivaktivitet og overvaking etter operasjon føregår på det same arealet. I NIR-samanheng blir difor intensiv/overvakingsarealet brukt som ei fellesnemning. Det finst generelle intensiveiningar (med «heile» spekteret av pasientar), medisinske og kirurgiske intensiveiningar, og også meir spesialiserte einingar, som til dømes barneintensiv, hjartemedisinsk intensiv og nevrointensiv.