Informasjon til pasientar og pårørande

Her har vi samla informasjon til deg som pasient, pårørande eller foresatt, for dei som er registrert i Norsk intensivregister (NIR).  Under finn du informasjon om registrert og dine rettar etter oppføring i registeret.

Gruppebilde personale ved Intensiv. Foto

Intensivregisteret er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister som systematisk samler inna data og statistikk frå dei fleste sjukehus sine intensiv- og overvakingsavdelingar i Noreg. ​

Medisinske kvalitetsregistere med nasjonal status tildelt av Helsedirektoratet har heimel i forskrift om medisinske kvalitetsregistre § 3-2, for å samle inn nødvendige og relevante helseopplysningar om intensivpasientar i Noreg. Denne informasjonen vert brukt til forsking og utvikling av intensivmedisinen både nasjonalt og internasjonalt. 
 
Norsk intensivregister er underlagt og blir drifta av Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Difor vert informasjon sendt ut herfrå, eller du må henvende deg til Helse Bergen for å oppnå kontakt med registeret. Det betyr at du ikkje treng å ha vore pasient ved ei intensiv- / overvakingsavdeling på Haukeland universitetssjukehus for å blir oppført i registeret. Du kan ha vore innlagt på ei intensiv- / overvakingsavdeling ved eit anna sjukehus andre stader i landet. 

Vi ynskjer å gjere deg som pasient/pårørande særskildt merksam på at opplysningane som vert lagra i registeret ikkje er det same som pasientjournalen din. Journalnotat, sjukepleienotat, blodprøvesvar, undersøkingar, resultater og anna knytta til sjukehusopphaldet, ikkje er å finne i registeret. For å få utlevert desse opplysningane må du kontakte den aktuelle avdelinga du har vore innlagd ved.  

Som oppført i NIR har du rett til å reservere deg frå oppføring i registeret, eller be om innsyn i registrere opplysningar. Dette kan du gjere på vegne av deg sjølv eller dersom du er hovudpårørande, om denne ikkje er i stand til det sjølv eller etter pasienten er død. Ungdom 16 år har medråderett kring eiga helse og krav om informasjon etter Pasient- og brukarrettslova § 3-4. ​

Dersom du er registrert i Norsk intensivregister har du rett til å kreve innsyn i hva som er registrert, retting/sletting av opplysninger og å reservere deg for oppføring i registeret. For opplysninger/innsyn fra pasientjournal må du kontakte sykehuset du har vært innlagt ved, eller via Helsenorge.  

Reservasjon og innsyn kan du få via Helsenorge, eller du kan fylle ut skjema under:

Ferdig utfylt Reservasjonsskjema lastes opp her, via eDialog. 
Selv om du ikke tilhører Helse Bergen skal skjema sendes hit. 
 
Her finner du mal for hvordan du reserverer deg via Helsenorge:
 
For reservasjon kan du også ta kontakt via telefon: 
Norsk Intensivregister: 55 97 70 56 ​
 
OBS! Det er viktig at du ikke sender personlig opplysning via e-post, men sender oss ditt navn og telefonnummer slik at vi kan ringe deg opp og få bekreftet ønsket om reservasjon.

Opplysningar frå registeret kan med anna utleverast til forsking- og kvalitetsforbetringssprosjekt. Dine personopplysningar kan berre bli utlevert, eller på annan måte bli tilgjengeleg når dette skjer i henhold til lover og forskrifter, som til dømes reglar om teieplikt og Den europeiske personvernforordninga. Det kan bli aktuelt å utlevere opplysningar til verksemder i utlandet, blant anna for å kunne gjennomføre vitskapeleg forsking. Helse Bergen HF er ansvarleg for databehandlinga. Det rettslige grunnlaget for databehandlinga er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e og Forskrift om medisinske kvalitetsregistre, jf. Forskrift om medisinske kvalitetsregistre § 1-4. ​​

Oversikt over prosjekter registeret har bidratt med data til finn du her​.

​​

For å få meir kunnskap om pasientopplevingar etter eit i​ntensivopphald er dine erfaringar som pasient viktig. Norsk intensivregister sender difor ut eit spørjeskjema 6 månadar etter du har vore innlagd ved ei intensiv-, overvaking- eller postoperativ eining, for dei pasientane som har fått ei oppføring i registeret. Spørjeskjemaet blir sendt ut til alle registrerte frå fylt 16 år.

Les meir om spørjeskjemaet for pasientar (EQ-5D-5L) og lagring av dine opplysningar

Årsrapporten inneheld ein oversikt over data registrert i Norsk intensiv- og pandemiregister for det aktuelle året.

​​Nytt frå 2022 er at vi har laga ein Kortversjon av årsrapporten.

Fullstendig årsrapport frå alle år finn du her: Årsrapportar

Vi er lettast å nå via epost: norskintensivregister@helse-bergen.no

Telefon: 55 97 50 00 

​Vi minner deg om at deling av sensitiv informasjon som fult navn, fødselsnummer og diagnoser ikkje skal delast via epost. Til dette ber vi deg bruke e-Dialog, som er ein sikker måte for deling av sensitiv informasjon. Her krevs det at ein har BankID eller MinID for innlogging. Her kan du også laste opp ferdig utfylt skjema for innsyn eller sletting av data. Skjema finn du i lista over.  

Trykk her for å komme til eDialog. ​



Sist oppdatert 16.04.2024