Informasjon til pasientar

Norsk brannskaderegister (NBR) er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister. Forskrift for medisinske kvalitetsregistre regulerer korleis NBR drives.

Noen få personer som sitter i et rom

​Hovudformålet med registeret er å auke kvaliteten på tenester til pasientar med brannskade ved norske sjukehus. Vi ønsker å bruke data frå registeret til å finne relevante kvalitetsindikatorar for god brannskadebehandling. 

Registeret skal gi ei systematisk oversikt over forekomst og årsaker til brannskadar som krev innlegging i sjukehus, bidra til å sikre god kvalitet i brannskadebehandlinga i alle helseregionar og å sikre data til forskning på brannskadar.

Ved innlegging i norsk sjukehus for behandling av brannskade, vil opplysningar om deg bli registrert i NBR. Eksempel på informasjon i registeret er:

  • ​Generelle opplysningar: navn, fødselsnummer, adresse, kjønn. Folkeregisteret vil bli brukt for å sikre korrekte personopplysningar.
  • Helseopplysningar: Når, kor, kvifor og korleis brannskadebehandlinga di har foregått. 
  • Pasientrapporterte helseopplysninger (PROM) - Opplysningar om ulike aspekt og utfordringar knytt til det å ha brannskader, behandling av brannskader m.m.

​Opplysningar i registeret brukes til både kvalitetsforbetring og forskning. 

Norsk brannskaderegister er eit nasjonalt kvalitetsregister som er reservasjonsbasert, det vil si at opplysningar om din brannskadebehandling kan registreres utan ditt samtykke. 

  • ​​Du kan når som helst og utan å oppgi grunn reservere deg mot oppføring i registeret og kreve at opplysningane blir slettet. 
  • Du kan også be om innsyn i kva som er registrert om deg.
  • Dersom du meiner at opplysningane om deg er uriktige, kan du be om å få disse korrigert. Dette får ingen konsekvens for behandlinga du mottar.

Her finn du utskriftsvennleg skjema for skriftleg forespurnad om reservasjon, innsyn, retting og sletting.

Bruk av rettar knytt til personopplysningar i registeret (PDF)

Dersom du ønsker meir informasjon, kan du kontakte Norsk brannskaderegister på telefon
55 97 62 83  eller epost nbr@helse-bergen.no​.​​​​

I forbindelse med innlegging i sjukehus med brannskade skal du motta informasjon om Norsk brannskaderegister.​

Informasjonsskriv om Norsk brannskaderegister (PDF)

Dersom du ønskjer å reservere deg, kan du gjere dette enten ved å sjølv reservere deg på helsenorge.no, eller ved å kontakte Norsk brannskaderegister på telefon 55 97 62 83  eller fylle ut reservasjonsskjema på papir.

Prosedyre for gjennomføring av reservasjon på Helsenorge (PDF)​

Ved skriftleg førespurnad vil reservasjonen behandlast innan 30 dagar. Du vil motta eit skriftleg svar når reservasjonen er gjennomført.

Har du spørsmål om dine rettar knytt til personvern kan du kontakte personvernombudet i Helse Bergen HF på telefon 55 97 50 00  eller på epost postmottak@helse-bergen.no

Meir informasjon finn du også ved å lese personverne​rklæringa for Helse Bergen.

Etter at du har fått behandling for din brannskade ved sjukehus i Noreg, vil du få tilgang til fleire elektroniske spørjeskjema. Ved å svare på disse, gir du Norsk brannskaderegister svært nyttig informasjon om korleis du opplever behandlinga du ​har fått.

Det vil ikkje vere mogleg å identifisera deg i rapportar frå Norsk brannskaderegister. Utlevering av opplysningar frå registeret til forskarar vil berre skje i form av avidentifiserte oversikter. Det vil si at alle opplysningane vil bli behandla utan navn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennbare opplysningar. Kun autorisert personell har moglegheit til å finne tilbake til ditt navn og fødselsnummer. For forskningsformål kan det vere aktuelt å knytte saman informasjon frå registret med relevante opplysningar fra sykejournal og frå sentrale registre i Noreg.​​

Sist oppdatert 19.04.2023