Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innsamling til Norsk Diabank ved Haukeland universitetssjukehus

Tid

Blodprøver kan takast på kvardagar mellom kl 08:00 og 14:00

Timebestilling

Bestill time til blodprøvetaking for forsking her (timebestilling.helse-midt.no)

Sted

Oppmøtestad er Poliklinikk for blodprøvetaking, 2. etasje i Sentralblokka ved Haukeland universitetssjukehus.

Ved ankomst, registrer deg ved å trykkje «Forskning» på automaten. Då blir du sett i ein prioritert kø. Du må rekne med noko ventetid.

Parkering

Ved behov kan du få gratis parkering. Hugs å gi beskjed til den som tek blodprøva av deg.

Forebuingar

Vi vil be deg om å gje blodprøve og urinprøve, men det er mogleg å berre gje blodprøve.

Dersom du kan, ønskjer vi at du møter fastande (berre har drukke vatn) mellom kl 08:00 og 10:00. Dersom du ikkje møter fastande, er du velkomen når som helst før kl 14:00.

Tusen takk for bidraget ditt! 

Sist oppdatert 22.10.2026