Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om Norsk Diabank

Norsk Diabank er ein generell forskningsbiobank ved Haukeland universitetssjukehus som vart oppretta i 2017.
 
Norsk Diabank er samtykkebasert og samarbeider med Norsk diabetesregister for vaksne om å samle inn prøver frå personar med diabetes. Du kan lese meir om registeret ved å følge denne lenka (Noklus.no)
 
Opplysningar frå registeret er eit viktig grunnlag for forsking om diabetes og diabetesrelaterte sjukdommar. Saman med opplysningar utleia frå det biologiske materiale, vil ein i framtida kunne dele personar med diabetes inn i nye undergrupper, baserte på klinisk, genetisk og metabolsk kartlegging.
 
Målsettinga for forskingsaktiviteten er at ein slik inndeling kan medføre at pasientgruppen vil få betre og meir persontilpassa medisinsk behandling. 
 
Norsk Diabank samler inn biologisk materiale frå alle vaksne i Noreg med diabetes. Dersom du er registrert i Norsk Diabetesregister for vaksne, vil du få ein forespurnad på Helsenorge om å samtykke til Norsk Diabank. Dersom du ikkje har motteke denne forespurnaden, kan du gje samtykke ved å følgje denne lenka (helsenorge.no)
 
 
 
Sist oppdatert 22.10.2026