Historikk

Norsk intensivregister (NIR) – kort om bakgrunn og historikk

Kvifor vart NIR oppretta?

Norsk intensivregister (NIR) vart stifta i 1998 av Norsk anestesiologisk forening (NAF). Utgangspunktet var ein førespurnad frå helsestyresmaktene om kapasiteten i norsk intensivmedisin. Ein søkte då å kartleggje kapasiteten med tanke på tal på intensivsenger, respiratorar og personale. Samstundes ville ein samle inn nokre kjernedata om verksemda og resultat i norsk intensivmedisin. Sjå elles under om Føremål og Vedtekter.

 

Utvikling frå 1998 til og med 2010

I starten var NIR eit register med anonyme gjennomsnittstal for eit avgrensa utval av data (respiratordøger, liggjedøger, alder, overleving, alvorsskåre). Frå 2004 vart det primært samla inn data for kvart intensivopphald i staden for samledata (aggregerte data), og dette auka datakvaliteten og nytten av registeret monaleg (sjå figur). I denne perioden vart det også nedfelt føremål og vedtekter, det vart utarbeidd mal for data, instruksar for medlemskap og skåringar, og metodar for sikring av datakvalitet (validering). Samstundes vart fleire og fleire medlemseiningar rekrutterte.

graf
 

Utvikling frå 2011 til i dag

I 2010 fekk NIR konsesjon frå Datatilsynet og dispensasjon frå Helse- og omsorgsdepartementet til å registrere identifiserbare data, slik at vi frå 2011 kunne få pålitelege data på kjerneområda overleving, reinnleggingar og overflyttingar i intensivmedisinen. Konsesjonen og dispensasjonen vart fornya i samband med utviding av datasettet frå 2016. Sjå under Årsrapportar. Rekruttering av nye medlemseiningar har halde fram.

NIR er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister, regulert av Helseregisterloven, Personopplysningsloven og Helsepersonelloven. NIR har frå 2011 brukt Norsk helsenett og plattforma Medisinske Registreringssystem (MRS).

NIR har eigne, opne nettsider (som du er inne på no).

Nasjonale medisinske kvalitetsregister

NIR er ein del av det nasjonale nettverket av medisinske kvalitetsregister. På www.kvalitetsregistre.no kan du lese meir om føremålet med registra og om jus, personvern, lovverk og datatryggleik. Her finst også oversikt over alle registra med resultat.

Sist oppdatert 19.05.2017