Kvalitetsindikatorar i NIR

Eitt av føremåla til NIR er å utarbeide faglege kvalitetsindikatorar for verksemda i norske intensiveiningar. Dette er indikatorar som definerer mål avdelingane skal strekkje seg etter, og som dei vert vurderte etter.

2 hender med hansker som holder ett medikament som trekkes opp med en sprøyte av en annen person

Då NIR starta med elektronisk registrering av persondata i 2011 fanst det ikkje noko standarisert og felles sett av internasjonalt brukte kvalitetsindikatorar i intensivmedisinen. For å lage nasjonale kvalitetsindikatorar gjekk NIR difor grundig gjennom litteraturen, og velde ut variablar som var eigna til å beskrive kvaliteten i norsk intensivmedisin. Ein oversiktsartikkel frå leiaren av Styringsgruppa i NIR vart publisert i 2012 basert på dette arbeidet (Flaatten H. The present use of quality indicators in the intensive care unit. Acta Anaesthesiol Scand 2012.pdf). Ein fann at åtte land brukte kvalitetsindikatorar nasjonalt (Storbritannia, Holland, Spania, Sverige, Tyskland, Skottland, Østerrike og India). Ingen enkeltindikator var sams for alle åtte landa. 

Basert på gjennomgangen beslutta styringsgruppa i NIR at nasjonale kvalitetsindikatorar i intensivmedisinen i Noreg frå 2014 skulle være: 

1. Standardisert mortalitetsratio (SMR) < 0,7 (etter ikkje-justert SAPS II)
2. Median respiratortid < 2,5 døgn
3. Reinnlegging til intensiv i løpet av 72 timar < 4% av opphalda
4. Eininga rapporterer data til NIR
5. Eininga har dagleg, tverrfagleg gjennomgang av pasientane
6. Ved utskriving frå intensiv føreligg som rutine eit utskrivingsnotat med relevant informasjon/oppsummering av intensivopphaldet og oppdatert medikamentliste
7. Avdelinga har tilgang på intensivmedisinsk kompetanse 24/7
på sjukehuset (nivå 1 eller 2):

  • Nivå 1: Lege med spesialistkompetanse i primærvakt
  • Nivå 2: Lege uten spesialistkompetanse i primærvakt, med
    tilkallbar lege med spesialistkompetanse i bakvakt
  • Nivå 3: Lege ikke kontinuerlig til stede på sykehuset, tilkallbar
    anestesilege i bakvakt deler av døgnet (kveld/natt)​

Sist oppdatert 04.10.2023