Svar på spørjeskjema gjev ny innsikt i korleis MS påverkar livet
Ei ny norsk registerstudie med data frå MS-Registeret viser korleis svar på spørjeskjema frå pasientar kan gje betre forståing av symptom, sjukdomsutvikling og behov hos personar med multippel sklerose. No peikar forskarane på at slike data kan styrke både behandling og tenester.
Publisert 12.02.2026
Kva fortel eigentleg pasientane sjølve om korleis MS påverkar kvardagen? Ei fersk studie frå SINTEF og Haukeland universitetssjukehus viser at svar på spørjeskjema frå pasientar gjev verdifull kunnskap – frå symptombyrde til arbeidsdeltaking – og kan bidra til meir treffsikre og persontilpassa behandlingstilbod. Les meir om funna, og kvifor dei kan bli viktige for framtidas MS‑oppfølging, i artikkelen på ms.no.