Klinikkleiar Psykiatrisk klinikk, Brede Aasen om ulovleg beltebruk: - Vi tar dette på største alvor
Som del av eit nasjonalt tilsyn om beltelegging i akuttpsykiatriske mottak besøkte Sivilombodet Psykiatrisk klinikk i Helse Bergen i mars i år. Rapporten viser ulovleg bruk av belte og at pasientar har lege i belte i lang tid utan nødvendig stell.

-Vi tar rapporten og funna som blir beskrivne på største alvor. Forsvarleg helsehjelp, tryggleiken og rettstryggleiken til pasientane skal varetakast i alle delar av behandlinga, seier klinikkleiar på Psykiatrisk klinikk, Brede Aasen.
Brede Aasen understrekar at mekaniske tvangsmiddel er blant dei mest inngripande tiltaka som kan brukast i psykisk helsevern og skal berre brukast som ein siste utveg og dersom tiltaket er den einaste måten å forhindre skade på pasienten eller andre.
-Bruk av mekaniske tvangsmiddel skal berre skje når vilkåra i lova er oppfylte og skal avsluttast så snart vilkåra ikkje lenger er til stades. Dokumentasjonen vår av dei faglege vurderingane og den løpande dokumentasjonen må vi forbetre. Vi behandlar menneske i akutt psykisk krise og enkelte av desse pasientane kan ha svært høg valdsrisiko i akuttfasen. Ein slik situasjon kan medføre stor risiko for pasienten sjølv, medpasientar og tilsette. Sjukehuset har ansvar for å handtere desse situasjonane og nokre av desse hendingane kan dessverre vare over noko tid før behandlinga reduserer risikoen, seier Aasen.
-Sivilombodet har gjort eit grundig arbeid i gjennomgangen hos oss og vi er i gang med oppfølgingane av oppfordringane frå rapporten. Vi har også lese rapportane frå andre sjukehus i landet og merker oss at dei har fått dei same oppfordringane og at risikoområde går igjen. Det vil vere naturleg for oss å samarbeide med desse sjukehusa i arbeidet med oppfølgingsplanen, avsluttar Aasen.