- Vardesenteret er ein viktig stad

Tysdag vart det nye Vardesenteret på Haukeland opna, med snorklipping av statsminister Jonas Gahr Støre. I dei nye lokala i Ibsens gate vil alle senterets aktivitetar bli samla under eitt tak.

Publisert 20.10.2022
Sist oppdatert 27.10.2022
​- Det å klippe snora for eit nytt Vardesenter fortel noko om ambisjonane vi skal ha for å ta vare på folk, sjå framover og vere i forkant, sa statsminister Jonas Gahr Støre då han stod for den offisielle opninga av det nye Vardesenteret i Ibsens gate tysdag. 

Statsminister Jonas Gahr Støre klipper snora for nytt Vardesenter.

Likeperson Arvid Haukås og frivillig Sigrid Himle Iversen heldt snora då statsminister Jonas Gahr Støre stod for den offisielle opninga av Vardesenteret. Foto: Marius Løbø Fimland

Helsar Vardesenteret velkome

​Statsministeren sa vidare at alle menneske som kjem i berøring med kreft i løpet av livet, veit ringverknadane av det – for familiemedlemmer, for kollegaer, for lokalsamfunnet. 

- For den som er sjuk, er det ei voldsom oppgåve å skulle handtere sjukdom, behandling og samstundes relasjonen til alt det som er rundt. Og særleg når ei tøff behandling er over og ein skal vidare – det å ikkje vere åleine då,  er viktig.  Og i alt dette er Vardesenteret ein så viktig stad - eg helsar det stort velkommen, sa Støre og gratulerte så mykje med dagen til alle gjestar.

Her kan du sjå film frå opninga av Vardesenteret​

Varden utanfor Vardesenteret

Det tar tre minutt å gå frå Parkbygget til villaen i Ibsens gate. Utanfor har det kome ein varde, der alle bidragsytarar til nytt Vardesenter blir takka. Foto: Hilde Kleppestø, Kreftforeningen

​Møtestad

Vardesenteret er ein møtestad og ein arena for kreftpasientar, pårørande og etterlatne kor dei kan møte fagpersonar, likepersonar og frivillig vertskap. Ved å flytte til den gamle, ærverdige Bergensvillaen i Ibsens gate vil Vardesenteret kunne gi eit endå betre tilbod enn det gjer i dag. Villaen har romsleg kjøken og mange rom i ulike storleikar, der ein kan arrangere kurs, temakveldar og møter. Villaen gir også fleire og betre moglegheiter for éin til éin-samtalar for både kreftkoordinator, familieterapeut, psykolog og klinisk ernæringsfysiolog. Her er også eigne rom for å trekke seg tilbake om ein ønsker det.


Styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, ønsker velkommen

- Det er ei glede å ønske velkommen til opninga av det som er eit nytt fyrtårn for kreftpasientar og pårørande på Vestlandet, sa styreleiar Terje Breivik i Helse Berge då han ønskte velkomen til opningsmarkeringa.



Eivind Hansen talar

- Av og til er den beste hjelpa eit menneske kan få, at eit anna menneske, med livserfaring av same type, kan lose deg gjennom vanskelege stunder og gi råd om korleis du kjem deg vidare, sa administrerande direktør Eivind Hansen i si helsing.

- Gjennom det unike samarbeidet vi har med Kreftforeningen, kan Vardesenteret bidra til å gi ei meir heilskapleg ivaretaking av dei som er ramma av kreft, som eit supplement til den behandlinga sjukehuset gir, sa administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, i si helsing under opninga.

Statsminister Jonas Gahr Støre og frivillig Sigrid Himle Iversen

Sigrid Himle Iversen brukte sjølv Vardesenteret då ho var kreftsjuk for nokre år sidan. No er ho i opplæring til å bli frivillig på senteret. Foto: Marius Løbø Fimland

Hansen understrekar samstundes at dei nye, flotte lokala også vil kome andre pasientgrupper ved sjukehuset til gode. 

- Her er det plass for kreftpasienten, og det er også plass for dei som ikkje har ein kreftdiagnose, seier han.
- Vi er ikkje ekslusive på diagnose, vi er eksklusive på dei som har eit behov. Vi er glade for at kreftpasientar er hovudmålgruppa, men er det ei tilstelling i Vardesenteret så er den open for alle som kjem hit og vil delta.

Sjukehusdirektøren nytta også høvet til å takke alle som har bidratt til realiseringa av huset, både samarbeidspartnarar og andre gode hjelparar.
- Utan dei hadde vi ikkje stått her i dag, påpeikte han.

Assisterende generalsekretær i Kreftforeningen, Ola Alexander Opdalshei

- Endeleg står vi her i dette vakre huset som frå no av skal fyllast med menneske og aktivitetar, og vi får moglegheit til å hjelpe endå fleire kreftramma frå heile Vestlandet, sa assisterande generalsekretær i Kreftforeningen Ole Alexander Opdalshei i​ si helsing under opninga.Foto: Marius Løbø Fimland

Mirjam Øvstevold i samtale med statsminister Jonas Gahr Støre

Familieterapeut Mirjam Øvstevold i samtale med statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Marius Løbø Fimland.