Aktiv og heilskapleg rehabilitering i Malawi
Forrige veke vart Louise Mohn Rehabilitation building ved LION offisielt opna.
Til stades under opninga var både Malawias helseminister Hon. Khumbize Kandodo Chiponda, Norges ambassadør i Malawi Ingrid Marie Mikkelsen, Louise Mohn, viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster i Helse Bergen, i tillegg til ei rekke representantar frå Haukeland Universitetssjukehus og LION.
Lion står for Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery, og er den ortopediske og nevrokirurgiske delen av det offentlege sjukehuset KCH i hovudstaden Lilongwe i Malawi. Lion opna i mai 2023.
Rehabiliteringsavdelinga er ei av fleire avdelingar ved LION.
- Dette er ein stor dag! Med dette bygget er vi endå eit steg nærare heilskaplege pasientforløp for pasientar ved LION som er i behov av medisinsk rehabilitering. Vi er svært takknemlege for det bidraget som både Louise og resten av familien Mohn har gitt til LION. Utan dei hadde ikkje dette vore mogleg, seier viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Randi-Luise Møgster.
Sterkt involvert i arbeidet
Ergoterapiavdelinga og Fysioterapiavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har vore sterkt involvert i utforming og innretning av det nye bygget. Bakgrunnen er eit langvarig samarbeid med terapitenesta ved KCH, med blant anna utveksling av personell sidan 2017. I 2019 vart det etablert ei arbeidsgruppe på Haukeland for rehabiliteringsbygget. Etter at finansieringa kom på plass i februar 2020 har arbeidet bestått av å planlegge korleis lokala skulle byggast, innreie med møblar og behandlingsutstyr, i tillegg til å definere behov for personell. Utvikling av gode rutinar ved overflytting frå KCH til LION har også vore sentralt. Arbeidet er gjort i samarbeid med terapeutar ved KCH / LION og leiargruppa ved LION.
Rehabiliteringsbygget rommar ergoterapi, fysioterapi og ortopediverkstad. Det har romslige lokale med moderne utstyr, og vil gi nye moglegheiter for å utøve god behandling av både inneliggande og polikliniske pasientar ved LION. Det vil også gi betydelig betre arbeidsforhold for dei tilsette.
- Det er ei stor glede å sjå resultatet av mange års arbeid manifestert i det nye Rehabiliteringsbygget, seier Else Sterndorff, avdelingssjef ved Fysioterapiavdelinga på Haukeland og Bodil Helene Stokke, avdelingssjef ved Ergoterapiavdelinga.
Workshop om aktiv og heilskapleg rehabilitering
Til stades ved opninga var også representantar frå Spinal injuries Association of Malawi (SIAM) og Sunnasstiftelsen i Noreg. Saman med kollegaer frå Haukeland Universitetssjukehus og LION arrangerte dei ein to dagars workshop om temaet aktiv og heilskapleg rehabilitering i forkant av opninga. Under parolen Passion for Life! stod både innlegg frå medlemmene av det tverrfaglege rehabiliteringsteamet ved LION, innlegg frå erfaringskonsulentane frå Sunnasstiftelsen, gruppearbeid, praktiske øvingar i forflytningsteknikk, paneldebatt og rullestolbasket på agendaen.
I det vidare arbeidet med å utvikle heilskaplege rehabiliteringsforløp ved LION, ønsker ein å kunne jobbe saman med både SIAM og Sunnasstiftelsen for å sjå på korleis formidling av erfaringskompetanse og erfaringskonsulentar også kan vere en del av dette forløpet. Dette vart også trekt fram av helseministeren og av Louise Mohn i deira talar under opninga.
Ergoterapiavdelinga og Fysioterapiavdelinga vil halde fram det gode samarbeidet med terapeutane ved LION.
- Mangel på personellressursar er ei utfordring. Støtte på dette, samt til implementering av nye rutinar og nytt utstyr for å oppnå gode pasientforløp, vil vere viktig i tida framover, seier Sterndorff og Stokke.
Haukelandsmodellen
Opninga av Rehabiliteringsavdelinga representerer ei av fleire satsingar internasjonalt som er gjort mogleg gjennom det arbeidet som Avdeling for Internasjonalt samarbeid gjennom fleire år har lagt til rette for. Avdelinga har i over 20 år bidratt til at prosjekt i land som Etiopia, Zanzibar, Sør-Afrika og Malawi har latt seg gjennomføre.
-Med Haukelandsmodellen, der vi koplar fagfolk saman på tvers av landegrenser og sikrar at dei donasjonane som kjem inn kjem heilt fram dit dei er meint for, så lukkast vi med vårt internasjonale arbeid. Vi er ein del av ein større heilskap, og det å få lov til å bidra gir meining. Dette arbeidet må vi halde fram med, understrekar Randi-Luise Møgster.