Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Alec Luhn (38) innlagd ved Haukeland etter redningsaksjon på Folgefonna

Den amerikanske journalisten Alec Luhn (38) blei onsdag 6. august frakta med redningshelikopter til Haukeland universitetssjukehus etter å ha blitt funnen i live på Folgefonna. Han er alvorleg skadd, men tilstanden er ikkje kritisk.

Publisert 06.08.2025

Luhn blei meldt sakna tidlegare denne veka etter ein privat fottur i fjellområdet ved Folgefonna. Onsdag føremiddag blei han lokalisert av redningshelikopter i eit bratt og steinete terreng nord for Nedre Buarbreen. Han blei henta ut og frakta direkte til Haukeland for vidare behandling.

– Pasienten blei teken imot av traumeteamet ved akuttmottaket. Han var vaken og

En mann som står i et rom med datamaskiner og skjermer
Geir Arne Sunde.

ved bevisstheit ved ankomst. Skadane han har pådrege seg er alvorlege, men ikkje livstruande, seier Geir Arne Sunde, avdelingssjef ved Traumesenteret og lege i luftambulansen.

Skadane skal ha oppstått fleire dagar før han blei funnen. På grunn av vanskelege vêrforhold i området måtte leiteaksjonen stansast midlertidig, før han kunne startast opp att onsdag morgon.

– Pasienten har vore åleine i fjellet i fleire døgn utan tilgang på mat og vatn. At han blei funnen i live og i såpass god allmenntilstand, er både uvanleg og gledeleg, seier Sunde.

Alec Luhn er no innlagd ved Haukeland for observasjon og vidare medisinsk oppfølging. Opplysningane om helsetilstanden hans blir delte med løyve frå Luhn sjølv.

Han har òg gitt uttrykk for stor takksemd overfor redningsmannskap, leitemannskap, Røde Kors og politiet for innsatsen som blei lagt ned i leiteaksjonen. Han har formidla at han ønskjer å snakke med pressa på eit seinare tidspunkt, når han er klar for det.

Inntil vidare skal alle mediehenvendingar rettast til:

Erik Vigander
Kommunikasjonsdirektør ved Haukeland universitetssjukehus.
Telefon: 0047 901 33 771

Foto av Geir Arne Sunde.