Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arbeidet med å finne ny administrerande direktør i Helse Bergen er godt i gang

Helse Bergen søkjer ein synleg, samlande og resultatorientert toppleiar som kan vidareutvikle Helse Bergen HF som eit leiande sjukehus regionalt, nasjonalt og internasjonalt og med merksemd på berekraftig utvikling.

Publisert 04.02.2026

"Du har relevant høgare utdanning, solid leiarerfaring og gjerne erfaring frå spesialisthelsetenesta. Du forstår samfunnet sjukehuset verkar i, har strategisk perspektiv og stor arbeidskapasitet. Evne til å bygge tillit og gode relasjonar internt og eksternt er avgjerande. Helsetenesta står framfor store endringar, og vi søkjer ein leiar som ønskjer å bidra aktivt til å møte desse utfordringane."

Stillingsannonse hos Webcruiter

- Dette er ein svært viktig stilling, som bør vere attraktiv for mange. Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit helseføretak med dyktige, motiverte og engasjerte tilsette. Direktøren får gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar, seier styreleiar i Helse Bergen, Rune Haugsdal. Vårt mål er at ny administrerande for Helse Bergen blir avklara i løpet av april 2026.

Det er rekrutteringsfirmaet Habberstad som har fått i oppgåve med å bidra tilsetjingsutvalet i å finne den beste kandidaten.

- Dette er ein av dei mest spennande og utfordrande leiarjobbane på Vestlandet. Stillingsannonsa er no kunngjort, og eg er tilgjengeleg for dialog med dei som er interesserte i stillinga, seier rekrutterar Hans Petter Karlsen i Habberstad, som har lang og god erfaring med å rekruttere toppleiarar innan spesialisthelsetenesta.

Søknadsfristen er sett til 2. mars 2026.