Årstadhuset: – Ein viktig milepæl er nådd

Styret i Helse Bergen har vedteke konseptrapporten for Årstadhuset. Rapporten skisserer korleis Årstadhuset kan byggjast om for pasientbehandling innan psykiatri, rus og somatikk.

Publisert 19.12.2023

– Dette er ein stor milepæl og ein gledesdag for psykisk helsevern for vaksne i

En mann med briller
Hans Olav Instefjord som er direktør for Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen

regionen vår, seier Hans Olav Instefjord som er direktør for Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen.  

– Me har lenge hatt som mål å samla delar av tilbodet innan psykisk helsevern og rusmedisin på Haukelandsområdet, tett på somatikken. No har me høve til det. Menneske med alvorlege psykiske lidingar har rundt 20 år kortare levetid enn befolkninga elles. Derfor er det viktig at denne pasientgruppa får behandling i nærleiken av ekspertisen på somatisk behandling på Haukelandsområdet, seier Instefjord.  

 

Meir areal til både pasientar og tilsette  

Konseptrapporten for Årstadhuset er ein del av Program psykisk helsevern for

En mann med briller
Eirik Elsaas vert programleiar.

framtida, som vert leia av Eirik Elsaas i Helse Bergen. Han fortel at eit sentralt grep ein gjer for Årstadhuset er å samlokalisere akuttposten på Haukelandsområdet, psykiatrisk akuttmottak og avrusningsplasser innen spesialisert rusbehandling. I tillegg vil mellom anna Olaviken sin alderpsykiatriske poliklinikk, og alderspsykiatrisk sengepost frå Glasblokkene flytte inn i same bygg.  

Teikningar for bygget  

I konseptrapporten er det klare føringar for utforming av Årstadhuset. Helge Bergmann i Helse Bergen. Han fortel at Årstadhuset skal fylla mange funksjonar som fordeler seg på fem etasjar:   

I underetasjen er det planlagt å ha akuttmottak, mottakssenger for rus, mottakssenger for psykiatri, aktivitetsrom, garderobar for dei tilsette, og areal som er avsette til logistikk og teknisk utstyr.   

I 1. etasje er det planlagt å ha hovudinngang for besøkjande, vestibyle, kantine, personalrom, sengepostar og mottakssenger psykiatri.  

I 2. etasje er det planlagt å ha to sengepostar, poliklinikk for ECT (elektrosjokkbehandling) og TMS (elektrisk hjernestimulering) og personalrom.  

I 3. etasje er det planlagt å ha tre sengepostar, aktivitetsrom og personalrom.  

I 4. etasje er det planlagt å ha ei pasientfri sone med kontor i heile etasjen.  

I tillegg til desse romma vil det gå heis og trapp gjennom alle etasjane. Det er også planlagt ein stor gymsal med tilhøyrande treningsrom, og et atrium som gir naturleg lys gjennom ned i bygget. Det vil også bli bygd venterom og balkongar i fleire delar av bygget.

Tilbakestiller hageområdet

Også uteområdet vil få ei stor oppgradering.   

En mann med briller
Helge Bergmann. 

 

– Då Kvinneklinikken vart bygd for hundre år sidan vart det laga til ein stor hage på sørsida av bygget. Dette vil i stor grad bli tilbakestilt for å gi pasientar og besøkjande eit fint uteområde. Planen er at hagane skal ha ulike soner for aktivitetar som ballspel og treningsapparat. Det vil komme soner med sittegrupper og soner der ein kan dyrke grønsaker. Det skal også etablerast ein gangsti med god belysning, sitteplassar og fin plantning, seier Bergmann.