Auka behov for medisinsk hjelp til sjøs
Radio Medico har hatt ein hektisk sommar med mange henvendelser frå skip både i passasjertrafikk og yrkesflåten. Seksjonsleiar Jon Magnus Haga ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen, fortel om eit aukande behov for telemedisinsk rettleiing til sjøs.
Denne sommaren har vore spesielt travel for Radio Medico, Norges telemedisinske legevakt for sjøfolk. Tenesta, som er tilgjengeleg 24/7 og bemanna av erfarne legar frå Haukeland universitetssjukehus med spesialkompetanse innan maritim medisin, har bistått både passasjerbåtar og yrkesfartøy med medisinske spørsmål og utfordringar.
– Sommaren er ofte ei travlare tid for oss, særleg når det gjeld persontransport. Vi har opplevd ein auke i henvendelser, spesielt frå passasjerskip, kor vi møter menneske i alle fasar av livet og ein stor breidde i medisinske problemstillingar, seier Jon Magnus Haga.
Radio Medico gir rettleiing i alt frå undersøking og behandling av sjuke eller skadde pasientar om bord, til organisering av evakuering til land. Med eit skip som kan ha ei befolkning på storleik med ein liten norsk by, er det eit stort ansvar å sikre helsa til alle om bord. Forskrift om skipsmedisin gir klare føringar for medisinsk utrusting og kompetansekrav, men det er ofte behov for spesialisert rettleiing når uforutsette situasjonar oppstår.
– Men i om lag 10 prosent av sjukdomsforløpa vart vi nøydde til å evakuere pasienten akutt, for eksempel med eit redningshelikopter frå 330-skvadronen organisert gjennom Hovedredningssentralen, bistand fra sysselmesteren på Svalbard, Kystvakta og Redningsselskapet eller ved å anbefale fartøyet å setje beste kurs mot nærmaste havn og møte dei med ein ambulanse der, forklarer Haga.
App for sjøfolk
Det siste tiåret har Radio Medico sett en betydelig økning i antall henvendelser. I fjor støttet de ved 2053 sykdoms- og skadehendelser til sjøs, og trenden ser ut til å fortsette. For å møte den økende etterspørselen har Radio Medico tatt i bruk ny teknologi, blant annet lanseringen av «Mariners Medico Guide-appen» hausten 2022 i samarbeid med det maritime forsikringsselskapet Gard. Appen gir sjøfolk oppdatert og kvalitetssikret medisinsk informasjon, og er allerede tatt i bruk av over 20 000 sjøfolk.
– Beredskap kjem ikkje av seg sjølv. Vi set stor pris på det gode samarbeidet vi har med den maritime næringa om å vidareutvikle helsetilbodet til sjøs, seier Haga.
– Saman sørger vi for at sjøfolk og passasjerar kan føle seg trygge, sjølv når dei er langt frå land.