Avdelingsdirektør Hans Petter Eikesdal har gått bort

Avdelingsdirektør ved Kreftavdelinga, Hans Petter Eikesdal, mista livet i ei trafikkulykke torsdag.

Publisert 10.07.2023
Sist oppdatert 15.08.2023
Portrett Hans Petter Eikesdal. Foto

Hans Petter Eikesdal, avdelingsdirektør ved Kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

– Det er med stor sorg vi har mottatt bodskapen om Hans Petter Eikesdal sin brå bortgang. Våre tankar og medkjensle går til Hans Petter sine næraste, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen.  

Eikesdal var kreftspesialist og overtok som direktør ved Kreftavdelinga i januar 2022. Då hadde han vore overlege ved same avdeling sidan 2009. Eikesdal har også har vore tillitsvald på Kreftavdelinga.  

Parallelt med det kliniske arbeidet i sjukehuset, var Eikesdal forskar i Brystkreftgruppen Bergen og K.G. Jebsen Senter for genom-retta kreftterapi. 

Frå januar 2019 var han tilsett som professor ved Klinisk institutt 2, Medisinsk fakultet, Universitetet i Bergen. 

– Hans Petter har gjennom mange år vore ein dyktig og høgt verdsett kollega, leiar og forskar på Kreftavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Han har betydd mykje for forskingsaktiviteten ved sjukehuset, med viktige bidrag både nasjonalt og internasjonalt, til stadig betre kreftbehandling, seier Hansen. 
 
– Saknet etter Hans Petter vil bli stort, både som høgt respektert fagperson og som ein engasjert og reflektert leiar og kollega med eit smittande humør. Han har vore ei viktig drivkraft for Kreftavdelinga og Haukeland Universitetssjukehus.   
 
Det er planlagt ei minnemarkering på sjukehuset mot slutten av veka.