No kan du sjå Barnesykehuset i NRK TV
Frå i dag kan du strømme alle dei ti episodane av sesong 2 i NRK TV. I kveld blir den første episoden send på NRK 1 klokka 20.00.

– Å behalde og rekruttere tilsette er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har i helsetenesta. Eg er sikker på at Barnesykehuset bidreg til nettopp dette, seier administrerande direktør Marit Lieng.
Fleire møte førebudde
Det krev mykje å ha NRK inne på sjukehuset, men verdien er stor, både med tanke på rekruttering av fagfolk og fordi serien skaper tryggleik for pasientar og pårørande.
– Vi veit at foreldre som skal til undersøkingar med barna i Glasblokkene, ser på Barnesykehuset på førehand. Barna veit kva dei går til. Dette er pasientinformasjon servert i beste sendetid, meiner Lieng.
Tettare på
– Sesong 1 fekk mykje positiv merksemd, og vi fekk tilbakemeldingar frå sjåarar som sa dei vart imponerte over kor dyktige, omsorgsfulle og engasjerte dei tilsette på sjukehuset er. Eg håpar sjåarane vil bli minst like begeistra for sesong 2. Denne gongen har vi kome endå tettare på familiane og følgt nokre pasientforløp gjennom mange månader. Vi i redaksjonen har vorte imponerte over pasientar og pårørande som klarer å stå i krevjande behandlingsforløp og akseptere at sjukdom eller skadar snur opp ned på livet, seier Ingrid Olderbakk, prosjektleiar i NRK.