Betre liv med Psykiatrialliansen

Deltakarane i Psykiatrialliansen opplever auka livskvalitet. Det kjem fram i ein fersk, kvalitativ studie. Dei som nyttar tilbodet kjenner på samhald, tilhøyrsle og meistring.

Publisert 16.05.2023
Sist oppdatert 19.05.2023
Studien er basert på fokusgruppeintervju der ein fokuserer på deltakarane og trenarane si oppleving av livskvalitet, medborgarskap og meiningsfulle aktivitetar. Resultata er eintydig positive.

- Eg vart forelska i heile opplegget, fortel Henrik Birkeli, som vart med Psykiatrialliansen på trening for litt over to år sidan.

Henrik Birkeli på fotballbanen

Henrik Birkeli

Henrik sleit med sosial angst og var nervøs for å møte på trening, men forstod raskt at dette var noko bra.

- Alle tok meg veldig godt i mot, seier han, og trekkjer fram kor viktig det er å oppleve samhald, tilhøyrsle og meistring.

No trenar Henrik 4 dagar i veka, både som deltakar og trenar. Han har det siste året tatt embetsstudie, og i juni er han utdanna erfaringskonsulent.

- Eg har ein plan, ein draum, om å jobbe i Psykiatrialliansen, seier Henrik.

​​
Portrett av Jessica Pettersson

Jessica Pettersson

Også Jessica Pettersson bruker mykje tid på både trening og arbeid i kafeen i lokala til Kronstad distriktpsykiatriske senter. Kvar tirsdag arbeider ho i kafeen, kvar onsdag er ho trenar på klatring, og om torsdagen trenar ho badande på Nordnes. Det var med bading det byrja for rundt eitt år sidan. 

- Eg var sjukemeld og ein ven bad meg bli med Psykiatrialliansen til Nordnes for å bade. Eg likte meg kjempegodt, og vart etter ei stund spurt om eg kunne tenkje meg å vere trenar, fortel ho.

Jessica arbeidde i restaurantbransjen i mange år, men vart sjukemeld. Også ho løftar fram meistring og det å oppleve at nokon forventar noko av deg, at nokon treng deg.

Ikkje overraska

Dagleg leiar i Psykiatrialliansen, Lasse Hjelle, er ikkje overraska over dei positive resultata av den kvalitative studien. 

- Eg ser det kvar dag, kor nøgde deltakarane er, men det er veldig kjekt å få det dokumentert, seier han.

Dagleg leiar Lasse Hjelle på fotballbanen

Dagleg leiar Lasse Hjelle

​Medborgarskap
Psykiatrialliansen vart til i 2006/2007 som eit samarbeid mellom Helse Bergen og Bergen kommune. Initiativet kom frå oversjukepleiar Per H. Nilsen som såg det store gapet mellom livet på institusjon og livet utanfor. Folk som var innlagt var kanskje i trening ved institusjonen sin, men hadde ingen å trene med etter at dei vart utskrivne.

Psykiatrialliansen vart oppretta for å bygge nettverk og redusere talet på innleggingar. Dei som deltar får 
betre fysisk form og betre mental helse. 

- Mange opplever at dei er utanfor, og då er det viktig å gje dei opplevinga av å vere ein medborgar. I Psykiatrialliansen skal vi ikkje trene folk, men folk skal kome her og ta
del i eit idrettsfelleskap, seier Nilsen. 

No er det rundt 420 personar som trenar med Psykiatrialliansen kvar veke, fordelt på 30 aktivitetar. Ingen dag er for spesiell, og ynskjer ein å spele fotball på 17. mai, så finn ein eit lag på Kronstad. Og lagets motto er: Alle velkomne, alltid!

Per H. Nilsen på fotballbanen

Initiativtakar Per H. Nilsen på fotballbanen.

Ein av løisingane på framtidas helsevesen
- Psykiatrialliansen er eit viktig bidrag til det Helsekommisjonen har påpeika om korleis vi kan løyse framtidas utfordringar i helsevesenet med færre tilsette. I dette arbeidet er brukermedverknad og det frivillege arbeidet framheva som ei av løysingane, seier viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster. 

Viseadministrenande direktør i Helse Bergen Randi-Luise Møgster

Viseadministrenande direktør i Helse Bergen Randi-Luise Møgster.

Dei viktigaste funna i studien:
Deltakarane er svært godt nøgde med deltaking i Psykiatrialliansen, d​ei trivst og opplever eit trygt fellesskap.

Studien viser også at deltakarane opplever aktivitetane i Psykiatrialliansen som meiningsfulle ved at dei gir auka livskvalitet og styrker opplevinga av medborgarskap.

Det blir også påpeikt at det er viktig for deltakarane det dei ikkje treng å identifisere seg med anna enn namn.

Deltakarane opplever auka livskvalitet ved at aktivitetane foregår lokalt ulike stader i
Bergen.

Gjennom deltaking i aktivitetane blir nye relasjonar knytt og utvikla – om deltakarane
ønskjer det.

Deltaking i aktivitetane er relasjonsbyggjande og relasjonsutvidande gjennom
kameratskap og medmenneskelegheit.

Deltaking i aktivitetane gir auka engasjement som gir auka oppleving av tilhøyrsle
og identitetsutvikling.

P
​A gjer det mogleg å vere både deltakar og trenar. Dette blir framheva som viktig. Trenarane blir beskrivne som velkvalifiserte. Dei inspirerer og ser kvar enkelt deltakar.

Alle som deltar, og PA som organisasjon, praktiserer og verkeleggjer slagordet: «Alle er velkomne – alltid!». Eit tilbod utan terskel.

Det er stor grunn til å tru at PA bidrar til å avlaste offentlege helse-, sosial- og velferdstenester både økonomisk og kapasitetsmessig.

Kort sagt: Deltakarane i studien opplever eit betre liv gjennom auka livskvalitet, engasjement, deltaking og betra fysisk og psykisk helse.