Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bilane som får tause barn til å snakke

Radiostyrte bilar har blitt meir enn leik på Barneposten ved Haukeland universitetssjukehus. Bilane blir brukte aktivt i behandlinga og gir behandlarane eit viktig verktøy i møte med barn som er inneslutta.

Publisert 23.12.2025
En mann og en kvinne som står på fortauet

Radiostyrte bilar har vorte eit viktig terapeutisk verktøy ved Barneposten ved Klinikk psykisk helse for barn og unge (PBU) på Haukeland universitetssjukehus. Det som starta som eit enkelt tiltak for å skape tryggleik, har utvikla seg til eit tilbod som blir brukt kvar dag – og som no også har fått sitt eige verkstad.

Denne veka blei representantar frå foreiningane Barns Beste og Haukelands Venner inviterte til Barneposten for å sjå bilane og verkstaden dei har vore med på å finansiere. Under besøket fortalde overlege og seksjonsleiar Paul Joachim Bloch Thorsen om kva betydning bilane har fått i behandlinga av barna.

– Mange av barna som kjem til oss, er inneslutta. Bilane får barna i gang på ein heilt annan måte. Det er noko anna enn å sitje i eit terapirum, seier Thorsen.

Leik som opnar for samtale

En gruppe mennesker utenfor en bygning
Bildetekst

Det var Thorsen og kollegaene hans som i si tid tok initiativ til å søkje støtte til innkjøp av seks radiostyrte bilar, med mål om å skape ein barnepost som blir opplevd som trygg og meiningsfull for barna. Haukelands Venner, i samarbeid med Foreningen til Barns Beste, løyvde midlar til bilane.

Sidan har dei vore i bruk kvar einaste dag – som aktivitet, avleiing og samtalestartar.

– Når barna leikar med bilane, får vi også gjort viktige observasjonar. Leik gir oss eit anna innblikk enn tradisjonelle samtalar, og bilane gir oss som behandlarar moglegheit til å kome tettare på barna i behandlinga, seier Thorsen.

For mange barn er bilane eit pusterom i ein kvardag prega av prøver, sprøyter og undersøkingar. For andre er dei starten på ein samtale som elles kunne vore vanskeleg å få i gang.

Eige verkstad – med barna som medspelarar

Den hyppige bruken har ført til stor slitasje. Etter kvart blei behovet for vedlikehald så omfattande at Barne- og ungdomsklinikken og Sykehusskolen søkte om støtte til å etablere eit eige verkstad for bilane. Også denne gongen fekk dei støtte frå Haukelands Venner og Barns Beste.

Verkstaden omfattar arbeidsbenk, golvplater, reservedelar, reparasjonsutstyr og opplæring av tilsette. Totalkostnaden var rundt 37 000 kroner. Tanken er at lærarar ved Sykehusskolen skal bidra i sjølve reparasjonsarbeidet saman med innlagde elevar.

– Dette sikrar at barna får tilgang til ein trygg og kjekk aktivitet som betyr enormt mykje i ein krevjande livssituasjon. Bilane skaper naturlege samtalar og er også ein god inngang til Sykehusskolen for barn som elles strevar med skule, seier Thorsen.

Han understrekar kor viktig støtta frå givarane har vore.

– Vi er svært takksame for at givarane har sett potensialet i dette. Bilane betyr veldig mykje for barna.

– Ikkje berre leik og moro

En gruppe menn som sitter rundt et bord

Også representantane frå Haukelands Venner og Foreningen til Barns Beste lét seg imponere under besøket på Barneposten.

– Det var svært interessant å høyre overlegen forklare kor viktige desse bilane og verkstaden er for barna. Dette handlar ikkje berre om leik og moro, men om eit viktig fagleg og terapeutisk verktøy. Det gir stor motivasjon i givararbeidet vårt, seier Helge Dyrnes, styreleiar i Haukelands Venner.

Små tiltak med stor betydning

Haukelands Venner deler kvart år ut betydelege midlar til tiltak som skal gjere kvardagen litt betre for pasientar og pårørande. I 2024 delte stiftinga ut over 900 000 kroner, og i 2025 har gåveomfanget halde same nivå, fortel Dyrnes.

Blant tiltaka som har fått støtte, er mellom anna:

  • 200 000 kroner til leasing av nye bilar for Avansert heimesjukehus
  • 200 000 kroner til kulturarrangement, festivalar og utstyr til musikk- og leiketerapi
  • 150 000 kroner til to nye «levande golv»-rom i Glasblokkene
  • 120 000 kroner til utsmykking og utstyr ved Nyfødd intensiv
  • Gatekunst, veggdekorasjonar og opprusting av daglegrom og rom for pårørande

– Vi gjer ikkje dei store medisinske investeringane – det gjer andre. Oppgåva vår er å skape dei små augeblikka av glede, meistring og ro, seier Dyrnes.

Testamentsarv gir nye moglegheiter

I løpet av året mottok stiftinga også ei større testamentsarv, som styrkjer arbeidet vidare.

– Arven gir oss større kapasitet til å støtte prosjekt som aukar trivselen for pasientar og pårørande. Det gjer ein stor forskjell – både for oss og for sjukehuset, seier Dyrnes.

Les meir om Haukelands Venner