Bioingeniørane sin dag

I dag 15. april er det bioingeniørane sin dag, og det vart markert med kake, twist og ballongar på fredag.

Publisert 15.04.2023
I tillegg skal Seksjon for assistert befruktning ha stand på Kvinneklinikken tysdag, der dei skal vise ein sædprøve i mikroskop og film med utviklinga av befrukta embryo.

Kvinne går med tralle med prøveutstyr.

Bioingeniør Anne Kari Støle tek morgonruta med blodprøvar på Kysthospitalet i Hagevik. Alle trallene til Bioingeniørane i Helse Bergen var pynta med ballongar i samband med feiringa fredag.

​Mykje av arbeidet på Haukeland og i primærhelsetenesta hadde stoppa opp utan denne svære arbeidsgruppa. Ved avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) utfører dei årleg over 10 millionar analysar, og har over 350 tilsette. Bioingeniørar er både helsearbeidarar og ingeniørar og er den største yrkesgruppa ved sjukehuset sine medisinske laboratorium.  


Ein variert jobb


Ei kvinne tar blodprøve av ei anna kvinne.

Mia Hjelle, som her viser korleis ein tek ein blodprøve, fortel at det beste med jobben er at han er så allsidig. At ein kan gå frå å handtere store maskiner til pasientkontakt, som ved ein blodprøve. Bioingeniørane må ha IT-kunnskap, vere gode i møte med pasientane og kunne analysere det ein får av prøver.

Ei kvinne teiknar smilefjes på plasteret på armen til kvinna ved sida av.

Dei to bioingeniørane Mia Hjelle og Julie Christin Dahl Johnsen har det kjekt på jobb, etter prøvetaking får Julie eit smilefjes på plasteret.

​Ein av plassane prøvane som blir tatt kan hamne, er i maskina Asma Ben Fadhel viser fram. Ho jobbar i Mikrobiologisk avdeling og her analyserer dei mellom anna klamydiatestar som kjem inn frå både sjukehuset og frå primærhelsetenesta. Her er målet å gi svar på folk sine prøvar raskt, men utan at det skal gå utover kvalitet. Asma fortel at det er spennande å kunne gi svar til dei som har sendt inn prøven sin.


Kvinne i sjukehusklede framfor ein skjerm.

Asma Ben Fadhel tek imot prøvar frå heile Vestlandet. Akkurat no er det prøvar frå klamydiatestar som går i maskina, men mykje anna kan testast her.

Alle desse maskinene treng vedlikehald, som kan vere vanskeleg då mange går døgnet rundt. Ei av dei som tek seg av vedlikehaldet er Hilde Vines. Ho kontrollerer og gjer vedlikehald på mange av dei viktige maskinene rundt om kring på Haukeland. Ho fortel at ho trivst veldig godt i jobben og at på hennar avdeling får ein moglegheit til å bli betre kjent med alle dei andre arbeidsgruppene på sjukehuset.

Kvinne i sjukehusuniform ved analysemaskin.

Hilde Vines er fagbioingeniør, her har ho tilsyn og vedlikehald på laboratoriet sine instrument i Mottaksklinikken. - Det er viktig at analysane av blodprøvene kan utførast heile døgnet, så maskinene skal ha minst mogleg nedetid, seier ho.

Mykje av arbeidet på sjukehuset har hastverk då prøvane er viktig for vidare behandling av pasientar som kjem inn i Akuttmottak. Åsne Ree Michelsen er ei av dei som tek i mot prøvar frå akutten. Her må ofte resultat bli sendt tilbake innan kort tid. Svar her i frå kan vera uvurderlege når det hastar for pasientane.

Kvinne sjukehusuniform framfor analysemaskin.

Åsne Ree Michelsen får prøvar frå akutten. Dei må behandlast fort då det ofte hastar med svar før ein kan utføre for eks. operasjonar.