Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva driv du med?

Bli kjend med vernepleiar David Sviggum

I tekstane "Kva driv du med?" kan du bli litt kjend med dei som arbeider i Helse Bergen, og kva dei driv med. Her får du lese meir om kva ein vernepleiar ved Avdeling spesialisert psykosebehandling arbeider med.

Publisert 02.10.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
Portrett av David Sviggum
Navn: David Sviggum 
Alder: 25 år 
Utdanning: Bachelor i vernepleie 
Stilling: Vernepleiar 


Kva gjer ​​du i dag? 

Eg er vernepleiar og tilsett i ein trainee-stilling i Helse Bergen. Eg arbeider for tida på Avdeling spesialisert psykosebehandling. 

Spesialisert psykosebehandling - Helse Bergen (helse-bergen.no)


Kva er hovudoppgåvene​​​ dine til vanleg? 

Arbeidsoppgåvene mine er hovudsakeleg å drive med miljøterapi og omsorg. 


Kor tid arbeide​​r du? 

Eg har todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. 


Kva er ein bra a​​rbeidsdag for deg? 

Ein bra arbeidsdag for meg er ein dag der eg kjenner på meistring og føler at eg har hjelpt pasientane. Samt god stemning og godt humør blant både kollegaer og pasientar. 


Kva ser du fram​​ til på jobb i haust? 

Eg ser fram til å videreutvikle meg sjølv som vernepleiar då eg er nyutdanna og har mykje nytt å lære. 


Kva er den største ​​​misoppfattninga om ditt yrke? 

Eg trur mange er usikker på kva ein vernepleiar egentleg er. Ein vernepleiar er både ein helse- og sosialarbeidar, då ein er autorisert helsepersonell med medisinsk og sosial kompetanse.
  

Kvifor bør and​re velge dette yrket? 

Ein får moglegheit til å hjelpe menneske, det er gode jobbmoglegheiter, variert arbeid og ein kan jobbe i tverrfaglege team.