Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brannskaden 40 år - i sin beste alder

- 40 år er ingen alder. Det er fantastisk å ha ein slik juvel i sjukehuset, men brannskaden utan Haukeland universitetssjukehus hadde vore vanskeleg, så sånn sett er dette ei markering for heile sjukehuset, sa administrerande direktør Eivind Hansen då han talte under markeringa av jubileet til brannskaden.

Publisert 16.09.2024
Administrerende direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen ovverrekker en skål med tvist til Avdelingssykepleier Liv Hege Furnes Hilt.
Administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen overrekkjer ei skål med tvist til Avdelingssykepleier Liv Hege Furnes Hilt.

Ei god forsamling av både tidlegare og noverande dedikerte medarbeidarar og leiarar var samla i Sentralblokken for 40 årsdagen til avdelinga.  

- Det er viktig for oss å ha nasjonale funksjonar, men det krev noko de er veldig gode på, nemleg utvikling av faget. Og når det gjeld beredskap er det fantastisk å ha denne gjengen som stadig finn løysingar. Så tusen takk til dei som sette det i gang, tusen takk til dei som er på, og me ser fram til 40 nye år, skrytte Hansen. 

Entusiasme var eitt av orda som vart gjentekne under markeringa, og styremedlem i European Burns Association, professor Thomas Leclerc, takka for eineståande behandling av både, norske, nordiske, europeiske og andre pasientar.  

- De er ikkje det største brannskadesenteret, men definitivt eitt av dei mest inspirerande, sa Leclerc.

Beundringsverdig jobb

Ein av dei som har fått god behandling ved Brannskaden er Jens Arne Hafeld frå Tromsø. I 2013 vart han vart flogen til Haukeland med brannskade på 96,5% av kroppen, og møtte eit fantastisk apparat med kirurgar og anestesilegar, sjukepleiarar, og ikkje minst fysioterapeutar.  

- Dei må tola motstand frå pasientane, og jobben dei gjer er beundringsverdig, meiner Hafeld.  

Behandlarane kontakta familien etter dag 2 og bad om løyve til å slå av respiratoren.  

Portrett av Jens Arne Hafeld
Jens Arne Hafeld hadde brannskade på 96,5% av kroppen.

- Det fall ikkje i god jord hos mor mi, som krangla med sjefen ved Brannskaden, Ragnvald Ljones Brekke. Men så jobba heile apparatet for fullt. Eg hadde ikkje nokon stad å henta hud frå, så eg tømde lagera for spesialbandasjar. Det måtte flygast inn meir frå leverandøren i Finland, fortel Hafeld som minnest sårstell med snille sjukepleiarar og tøy og bøy med tolmodige og strenge fysioterapeutar.  

- Dette er ei avdeling i sin beste alder, og har ein spesiell plass på Haukeland. Dei tilsette ved brannskaden følgjer opp pasientar i ettertid, og det har imponert meg mange gonger, sa direktør ved Kirurgisk klinikk, John Helge Heimdal, då han fekk ordet.  

Var med frå byrjinga 

Blant gjestene sat fysioterapeut Marit Hjellestad som var med ved oppstarten av Brannskadeavdelingen, og som vigde heile resten av yrkeslivet sitt til brannskadde pasientar. Ho var med å etablera Burn Camp for barn i Noreg og var med i etableringa av ein europeisk komité for dei som arbeider innan feltet, og som ikkje er legar.  

- Det har vore fantastisk å vera med på denne reisa. Dette er folk som er dedikerte, interesserte og fagleg sterke. Det første er å få pasienten til å overleve, så er det å gjenopprette funksjon, og så er det utsjånad. Me var veldig flinke på dette, og på det tverrfaglege samarbeidet, også i gamle dagar, utan dei verktøya og metodane som er i dag, fortel Hjellestad.  

Portrett av fysioterapeut Marit Hjellestad
Fysioterapeut Marit Hjellestad.