Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Etablering av eit nytt brukarpanel ved Voss sjukehus 

Har du vore/er pasient eller pårørande ved Voss sjukehus og ynskjer å vera med å utvikle tenestetilbodet ved sjukehuset? Då kan du bli medlem av vårt nyoppretta brukarpanel 

Publisert 29.08.2024
Sist oppdatert 20.09.2024
bilde av pasient som støttes av en fysioterapeut i korridor

Foto: Katrine Sunde

Om oss 

Voss sjukehus er eit lokalsjukehus for Voss, Vaksdal, Kvam, Ulvik og Eidfjord. Sjukehuset har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, føde, gynekologi og ortopedi. Sjukehuset har medisinsk- og kirurgisk sengepost i tillegg til fødeavdeling og poliklinikkar innan medisin, kirurgi og gynekologi / føde. Sjukehuset har Operasjonsavdeling og gode støttetenester innan anestesi, intensiv og oppvakning, radiologi med CT- og MR, fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.   

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland. 

Sjukehuset er i stadig utvikling og me ynskjer å etablera eit brukarpanel slik at me kan yte endå betre tenester til våre pasientar 

Me ynskjer kontakt med deg som: 

  • Har vore/ er pasient eller pårørande på Voss sjukehus 
  • Har eit engasjement og ynskjer å vera med å vidareutvikla Voss sjukehus 
  • Likar å tenke nytt og delta i diskusjonar 

Om brukarpanelet 

Brukarpanelet består av 6-8 personar som møtest 4-6 gonger i året. Panelet har også ein koordinator (tilsett ved sjukehuset) som bidreg med møteinnkalling og referatskriving. Medlemmene kan også få oppdrag utanom faste møtetidspunkt som til dømes å delta i prosjekt. Som medlem av brukarpanelet vil du ha ei viktig stemme i utforming av sjukehuset sine tenester og i forbetrings- og forskingsarbeid. Du vil få opplæring i brukarmedverknad og ta del i brukarnettverk i Helse Bergen. Deltaking i brukarpanelet blir honorert etter Helse Bergen sine gjeldande satsar og gjeld i utgangspunktet for 2 år om gongen, men kan utvidast til maks 6 år 

Du kan lesa meir om brukarmedverknad i Helse Bergen her eller ved å gå inn på internettsida til Helse Bergen og søke brukarmedverknad. Du kan også ta kontakt med Jorun Sivertsen, kvalitetsrådgjevar på Voss sjukehus på tlf. 970 50 463 eller på e-post  
jorun.sivertsen@helse-bergen.no  

Om du synest at dette høyrest interessant ut vil me gjerne høyra frå deg. Send nokre ord om kven du er, kvifor du ynskjer å delta og kva du kan bidra med til jorun.sivertsen@helse-bergen.no. eller til Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus, Postboks 1400,  
5021 Bergen.