Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Den internasjonale dagen for kvinner i forsking: Camilla leier omfattande satsing på protonterapi

11. februar er den internasjonale dagen for kvinner i forsking. Ved Haukeland universitetssjukehus har vi sterke forskingsmiljø der mange kvinner bidreg til å utvikle framtidas medisinske behandling. Ei av dei er Camilla Hanquist Stokkevåg, medisinsk fysikar og forskar på protonterapi ved Kreftklinikken.

Publisert 11.02.2026
En kvinne i blå kjole
Camilla Stokkevåg understrekar betydninga av støtte, tilhøyrsle og førebilete av begge kjønn.

Starta med fascinasjonen for protonterapi

For Stokkevåg byrja alt med protonterapi, ein teknologi som kombinerer avansert strålefysikk med eit tydeleg og meiningsfullt mål: betre behandling for kreftpasientar.

Kva motiverer deg i forskinga i dag?

– Kombinasjonen av teknologi, strålefysikk og ein meiningsfull bruk var utruleg appellerande. Det er framleis dette som motiverer meg. Når ein ser kva skilnad forsking kan gjere for pasientane, blir motivasjonen berre sterkare, seier ho.

Leier stor satsing

Stokkevåg leier den omfattande satsinga ProtonSUMMIT ved Kreftklinikken. Her arbeider forskarar og klinikarar saman for å forstå meir av korleis protonterapi verkar på biologisk nivå, og korleis denne kunnskapen kan brukast til å tilpasse og forbetre behandlinga.

Kva er hovudmåla med satsinga, og kva betydning kan prosjektet få for framtidas kreftbehandling?

– Målet er meir presis og skånsam behandling, og å identifisere kva pasientgrupper som har størst nytte av protonterapi. Prosjektet kan få stor betydning for framtidas kreftbehandling, fortel ho.

Betydningsfull tildeling til nasjonal studie for barn

Protonbehandling er ei meir skånsam og presis stråleform for barn med kreft, som skånar friskt vev og reduserer risikoen for senskadar. På den internasjonale forskingsdagen mottok Stokkevåg òg støtte frå Barnekreftforeininga til ein nasjonal studie for barn med hjernesvulst.

– Denne tildelinga betyr enormt mykje. Dette er våre minste pasientar, og for dei handlar det ikkje berre om å overleve. Barna skal ha eit langt liv etter behandling. Då er det avgjerande at behandlinga set færrest mogleg spor, seier ho.

Målet er at barn etter kreftbehandling skal kunne leve heilt vanlege liv – gå på skulen, leike, ha vener og drøyme om framtida på lik line med andre barn.

Gode førebilete og inkluderande miljø er avgjerande

På ein dag som denne rettar vi merksemda mot kvinner i forsking. Stokkevåg understrekar betydninga av støtte, tilhøyrsle og førebilete av begge kjønn.

– Innafor helseforskning og kreftforskning er vi faktisk ganske kvinnesterke, også her på Haukeland, der mange av forskingskollegaene mine er kvinner. Samstundes starta eg ut med ein meir teknologisk bakgrunn, der kjønnsbalansen tradisjonelt har vore skeivare.

På denne internasjonale markeringa har ho ei tydeleg oppmoding til andre kvinner som vurderer ei karriere innan forsking:

– Forsking er ein karriere som gir rom for både fagleg nysgjerrigheit, utvikling og eit tydeleg samfunnsbidrag. Eg vil gjerne oppmode fleire kvinner til å ta steget.