Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ein liten prat med Marie Sekse

I Helse Bergen er det 14 000 tilsette. I spalta "Ein liten prat med ..." får du bli betre kjend med våre dyktige kollegaer rundt omkring på sjukehuset. Denne veka har vi tatt ein sommarprat med bioingeniør Marie Sekse.

Publisert 24.07.2024
Sist oppdatert 04.09.2024

Avdeling/rolle: Tilsett som bioingeniør, sidan mai i vikariat som fagbioingeniør, Mikrobiologisk avdeling. Begynte i jobben for fire år sidan, midt i pandemien. Då var det ganske hektisk på avdelinga.

Kva er skilnaden på å vere bioingeniør og fagbioingeniør? 
Som fagbioingeniør er du også ein del av det vi kallar Rutinen, altså at du analyserer prøvar, men du har i tillegg litt ekstra ansvar for nokre instrument og

Marie Sekse
Marie Sekse er tilsett som bioingeniør, sidan mai i vikariat som fagbioingeniør, Mikrobiologisk avdeling.

analysemetodar. Det inneber mellom anna metodeutvikling, oppdatering av prosedyrar, feilsøking og opplæring.

Kva er arbeidstida di?  
Eg jobbar 3-delt turnus. Eg skiftar mellom å jobbe dagtid, kveld og natt om lag kvar fjerde helg.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg? 
På Mikrobiologisk avdeling får vi mange forskjellige prøvar frå både sjukehuset og primærhelsetenesta, der vi skal identifisere virus, bakteriar, parasittar og nokon gongar sopp. Eg er på den delen av seksjonen som nyttar PCR-metode (polymerasekjedereaksjon, ein metode som blir brukt til å auke mengda av arvestoffet DNA (deoksyribonukleinsyre) eller RNA (ribonukleinsyre) – Store norske leksikon), då ser vi etter DNA-et til mikroben.

Prøvane vi analyserer kan for eksempel vere avføringsprøvar og luftvegsprøvar, og det er hovudsakleg virus og bakteriar vi ser etter.   

Når eg er i rutinen er eg med på prøveanalyse, så har eg i tillegg nokre dagar der eg får halde på med det som er fagansvaret mitt som fagbioingeniør.
 
I dag er eg i rutinen og analyserer Helicobacter pylori, ein tarmbakterie som kan gi magesår.

Er arbeidsdagen annleis om sommaren? 
Om sommaren er alle i rutinen kvar dag, for då er vi færre folk på jobb. Då er det ikkje så mykje tid til å halde på med for eksempel metodeutvikling, no blir prøvane prioritert.

Kva gjer arbeidsdagen ekstra bra? 
Gode kollegaer! Arbeidsmiljøet er det viktigaste, synest eg.

Kva er det beste med å jobbe om sommaren? 
Eg synest det er fint at det er litt rolegare stemning her sånn generelt, med færre folk på jobb – litt travlare òg innimellom sjølvsagt, men det går fint  - og så kan det vere ei ekstra utfordring å måtte ta tak i ting som oppstår når leiinga har ferie.

… og det verste? 
Dersom det oppstår større problem med  eit instrument, kan det bli litt stress om ikkje dei rette personane er på jobb, men til no har det gått veldig fint – sjølv om ein har det litt i bakhovudet at vi er meir på eiga hand om ting går skeis.

Korleis har trykket inn vore hos dykk så langt i sommar? 
Vi hadde forventa ein nedgang, men det har ikkje skjedd. Vi får inn like mange prøvar som vanleg.

Kva er det beste med å jobbe i Helse Bergen? 
Det er ein trygg og god jobb, eg er ikkje redd for å bli bytta ut med maskiner. Det er ein stor arbeidsplass og det er fint å vere del av ein stor organisasjon.

Kva har du gjort i sommar? 
Eg kom tilbake frå ferie måndag. Først var eg ei veke i Portugal, to dagar i Lisboa og resten av veka på Algarvekysten. Det var varmt og godt og utruleg fine strender. 
Så var eg på familiehytta utanfor Stavanger, det var herleg å slappe av der nokre veker. Har også spart ei veke ferie til september. 

Har du nokre bok, podkast eller serietips til ferien?  
Akkurat no ser eg på ein serie på HBO MAX som heiter House of the Dragon. Eg storkosar meg med den serien, og synest denne sesongen er betre enn førre. For oss som er glade i Game of Thrones-universet er det ein utruleg god serie.