Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ein liten sommarprat med Maren Helgø 

I sommar jobbar rundt 250 sommarvikarar og studentar i Helse Bergen. I “Ein liten sommarprat med” møter vi nokre av dei dyktige medarbeidarane våre som held hjula i gang gjennom sommaren. Maren Helgø  jobbar som medisinstudent med lisens ved Skadepoliklinikken og Bergen legevakt. 

Tekst og foto: Emilie Håberg
Publisert 27.06.2025
En person på et sykehusrom
Maren klargjer sterilt utstyr før pasientane kjem.

Namn: Maren Helgø 

Alder: 28 år 

Studiar: Startar på sjette året på medisinstudiet til hausten 

Arbeidsstad: Skadepoliklinikken og Bergen legevakt 

En person iført hvit skjorte og stetoskop
Maren Helgø

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg? 

Alle legane og medisinstudentane rullerer mellom tre avdelingar: brot, sår og Bergen legevakt. Ein typisk dag på brotavdelinga er at ein hentar inn pasientar frå venterommet, undersøker dei, bestiller røntgenbilde, tolkar dei og behandlar pasientane ut frå kva slags skadar dei har. På såravdelinga møter vi alt frå brannskadar og sårinfeksjonar til kuttskadar og skadar frå bitt, så det er ofte ein veldig variert arbeidsdag. På Bergen Legevakt møter du også mange ulike problemstillingar. Typiske problemstillingar er infeksjonar, magesmerter, augeplager, brystsmerter og øre-nase-hals- plager. Ein møter barn og vaksne i alle aldrar.  

Kvifor valde du legeyrket? 

Eg hadde fire års "pause" etter vidaregåande, og var blant anna to år i USA på idrettsstipend. Eg var veldig usikker på kva eg ville etter vidaregåande, men etter nokre år med reising, studium og jobb i bagasjen fann eg ut at det er lege eg vil bli. Eg har alltid vore fascinert av kroppen og har ein far som er lege. Gjennom idretten har eg også vore borti ein del skader og medisinske problemstillingar som har fascinert meg. Eg er veldig fornøgd med valet, og det kjentest veldig rett. Det er veldig gøy å jobbe med menneske, og spennande at alle er så ulike og at det kjem nye utfordringar kvar dag. Ingen dag er lik. 

Kva er det beste med jobben? 

Det må vere kollegaene. Eg fekk lisens til jul, og da går ein frå å vere pleieassistent til å tre inn i legerolla. Det er ein ganske stor overgang, og ein kjenner seg ofte litt usikker og ny. Men eg opplever verkeleg at kollegaene her er veldig greie å spørje, og at ingen spørsmål er dumme. Ein får alltid hjelp og gode forklaringar. Eg synest det er eit veldig godt, ope og trygt arbeidsmiljø – både mellom radiografane, sårsjukepleiarane og legane. Eg kjenner vi samarbeider godt her. Så eg er veldig fornøgd med det.  

Kva erfaringar frå sommarjobben vil du ta med deg vidare? 

Det viktigaste når ein er heilt fersk i legeyrke er å lære å skilje ein frisk pasient frå sjuk pasient. Det får ein god trening i her då vi møter mange ulike problemstillingar kvar einaste dag. Det handlar om å stille dei rette spørsmåla og undersøke pasienten for å raskt finne ut kva som feilar hen slik at ein kan gi best mogleg behandling eller vise til rett stad for vidare behandling. På studiet lærer vi ofte om ein diagnose først og så kva symptom som er typisk for den diagnosen, men i klinikken blir det heilt motsett. Der får ein presentert ei rekke symptom som skal føre deg til ein diagnose. Det er ein litt annan måte å tenke på og noko eg treng å trene på. Her på Skadepoliklinikken og Bergen legevakt møter vi ei brei pasientgruppe med eit breitt spekter av ulike problemstillingar, noko som er veldig verdifull erfaring å ta med seg i bagasjen.  

Kvifor ønskte du jobb akkurat her? 

Heilt sidan starten av studiet har eg tenkt at når eg får lisens, er det her eg har lyst til å jobbe. Eg elskar akutte situasjonar og praktisk arbeid. Eg har også høyrt veldig mykje bra om staden frå eldre studentar som har jobba her – både om læringsmiljøet og arbeidsmiljøet. Eg er veldig fornøgd med valet.  

Skal du noko gøy i sommar? 

Eg har fått nokre veker fri så da skal eg vere med venner og familie på Austlandet, på ein konsert i Oslo og på øyhopping i Hellas.