Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eit halvt liv i smerter

Mia Åkerlund (37) kan knapt hugse korleis livet var utan smerter. 16 år gamal begynte smertene å snike seg innpå. Det begynte med kne og anklar. Ho oppsøkte lege og fekk konstatert det ho frykta: Blodprøvene gav positivt svar på revmatisme.

Publisert 08.09.2023
En person som står foran en rød vegg
Mia Åkerlund har vært kronisk sjuk i 21 år.

​Denne veka hadde ho sin siste dag i rehabiliteringsopphaldet i regi av Revmatologisk avdeling. Mia er optimist.   ​

—  Å få ein slik beskjed allereie som en aktiv 16- åring var tøft og skummelt. I 21 år har eg hatt kroniske smerter i store delar av kroppen. Eg trudde dette var ein sjukdom som berre rammar eldre, dette gjaldt altså meg. Eg har brukt ulike medisinar. Lest meg opp på alle moglege studier om sjukdommen. No har eg vore gjennom eit behandlingsprogram som har vore nyttig og gitt livet ny verdi, seier Mia Åkerlund.

Til dagleg er Mia partnar og kreativ leiar i eit interiørarkitekt-firma som har stått for utsmykking av fleire stader i sentrum. Ho har jobba meir enn det sjukdommen har tillate.  For Mia har derfor opplæring i aktivitetsregulering vore noko av det viktigaste i behandlinga. Målet er å lære å leve med sjukdommen, slik at ho kan vere i jobb, lenge.

— Eg har nok vore i ei slags fornekting av heile sjukdommen og prøvd å ikkje late det ta kontroll over livet mitt. Hell i uhell så har eg også ein ADHD- diagnose som har gjort at eg har hatt eit høyt aktivitetsnivå trass i smertene.  Behandlinga her har ikkje berre vore viktig med tanke på det fysiske, men vel så mykje det psykiske. Eg har lært å seie nei, seier Mia.

– Lært å tillate meg sjølv å vere sjuk. Akseptere sjukdommen og dei begrensingane den inneber.

​Behandlinga ser på heile livsstilen

Saman med ei gruppe på åtte andre har Mia vore gjennom eit rehabiliteringsprogram. Det har vart i ein periode på fire veker med oppmøte 2 dagar i veka. Pasientane har fått møte andre menneske som strevar med same utfordringar, men gjerne med ulike diagnosar. Det har skapt rom for å dele erfaringar om eigen sjukdom. Behandlinga er tverrfagleg med ulik ekspertise. Kvar pasient blir vurdert slik at dei får best mogleg nytte av behandlinga. Då ser teamet på kva pasienten treng, og kva utfordringar pasienten har.

gruppetrening

Gruppetrening i behandlinga.

​Innhaldet i behandlingsprogrammet er variert. Alt frå avspenningsgruppe, aktivitetsreguleringsgruppe, bassengtrening, styrketrening, ergoterapi, fysioterapi, handtreningsgruppe, kondisjonsgruppe, ernæring til smerteforståing.

B
åde menn og kvinner i aldersgruppa 20-70 år deltar i behandlingsopplegget, men dei fleste er kvinner 40- 60 år.

— Fysioterapeutar er ei viktig brikke i det tverrfaglege arbeidet som skjer her ved avdelinga. Vi jobbar tett med ergoterapeutar, sjukepleiarar og legar for å gi kvar enkelt pasient eit godt tilpassa behandlingstilbod, seier Liv Marit Mørkve Holst, seksjonsleiar ved Fysioterapiavdelinga.

Vi er svært fornøgde med at evalueringa pasientane gir er såpass gode. Det betyr at vi gjer noko riktig og at det gir verdi for pasientane. Vårt mål er å lære pasientane å balansere livet sitt saman med den kroniske sjukdommen og at behandlinga gir rom for å tenke på seg sjølv.

Liv Marit Mørkve Holst, seksjonsleiar ved Fysioterapiavdelinga.

Liv Marit Mørkve Holst, seksjonsleiar ved Fysioterapiavdelinga.

​Glad for oppfølging i etterkant

Ein av dei første tinga Mia vart beden om då ho starta behandling var å vurdere eiga smerte, den vurderte ho til 7 på skalaen 1-10. Då ho var ferdig i behandlinga, vurderte ho den til 2.

Opplegget har vore mykje betre enn forventa. Det har også vore eit fantastisk fint fellesskap med dei andre. Vi har bestemt oss for å opprette ei gruppe for å halde kontakten. Eg er glad for at dei som får sjukdommen no får meir og betre behandling enn då eg fekk diagnosen. No gler eg meg til oppfølging frå denne fine og omtenksame behandlingsgjengen, seier Mia.

I dag 8. september er Fysioterapidagen 2023: fysioterapi og artritt

Artritt er det internasjonale temaet på Verdens fysioterapidag i 2023. Korleis den enkelte kan leve best mogleg med ein artrittsjukdom blir framheva, saman med fysioterapeutane si rolle i rettleiing og førebygging.

Verdas fysioterapidag (heretter Fysioterapidagen) er 8. september, og blir markert kvart år av fysioterapeutar og deira organisasjonar over heile verda. I år har den internasjonale fysioterapiorganisasjonen World Physiotherapy retta søkelyset mot artritt, ei samlenemning for mange ulike typar leddsjukdom. Årets tema er ein naturleg oppfølgar til det internasjonale temaet i 2022, som var artrose.

Det er ca 130 tilsette fordelt på 100 årsverk i Fysioterapiavdelinga.

Fysioterapeutane tilknytt revmatologisk seksjon arbeider med undersøking, behandling og oppfølging av pasientar med inflammatorisk revmatisk sjukdom i alle delar av sjukdomsforløpet. Fysioterapeutane bidrar med sin kompetanse i tverrfagleg utgreiing og rehabilitering, samt ved standardisert pasientløp ved avdelinga. Avdelinga tar også imot eigne polikliniske pasientar til vurdering og eventuelt oppfølging etter tilvising frå lege ved avdelinga.

Fysioterapiavdelinga er opptatt av å bidra til best mogleg fungering og aktivitet i kvardagen, og arbeider med tilpassing og tilrettelegging for eiga helsebygging. Dette skjer gjennom undersøking, behandling, tilpassa oppfølging, instruksjon individuelt og i grupper, og gjennom råd og rettleiing tilknytt regelmessig aktivitet og trening. Vi er også opptatt av handtering av smerter og utmatting i kvardagen.

I tillegg til pasientrelatert arbeid, er fysioterapeutane ved seksjonen aktive i pasientundervisning ved Lærings- og Meistringssenteret og undervisning og rettleiing av fysioterapistudentar på både bachelor- og masternivå ved Høgskolen på Vestlandet (HVL).